Prosjektleiar i «Sats på Skjåk»

  • Heltid
  • SKJÅK, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 27. juli 2025

Skjåk Kommune Sentraladministrasjon

Vil du jobbe med tilflytting, rekruttering og verdiskaping i ei av Noreg sine mest allsidige og ressurssterke fjellkommunar? Skjåk kommune har eit ledig engasjement i 100% stilling som prosjektleiar for prosjektet "Sats på Skjåk". Prosjektleiar vil fungere som ein bygdeutviklar. Stillinga er ledig frå dags dato og i eitt år fram i tid, med moglegheit for forlenging.

Vil du ha ein variert arbeidskvardag med mange ulike oppgåver og aktivitet? Er du god på å sette retning, samarbeide, organisere og få ting gjort? Vil du ha ein prosjektleiarjobb med meining – der du får brukt dine evner og kompetanse, og der ditt bidrag kan sette spor og gje ei retning for framtida? Om du kjenner deg att i dette dette kan du vere den vi ser etter.

Oppgåver

  • Arbeide med bu- og blilyst

  • Kommunikasjon og marknadsføring

  • Leggje til rette for digital deltaking og informasjon for utflytta skjåkværar og andre som er interessert i Skjåk

  • Skape strukturar og system for varig digital relasjonsbygging

  • Forvalte prøvebuordninga

  • Samarbeid med næringslivet

  • Ta aktiv del i prosjektet "Bli hjå oss"

  • Koordinere og vere ansvarleg for oppfølging av måla i "Sats på Skjåk"

  • Søke nye midlar til ytterlegere tiltak for vidareføring av arbeidet

Kvalifikasjonar

  • Kunnskap og ferdigheiter innan moderne marknadsføring og kommunikasjon

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • Strukturert, ryddig og organisert med god gjennomføringsevne

  • Evne til å utføre mange ulike oppgåver parallelt

  • Fleksibel og utviklingsorientert

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, (Skjåk Kommune har nynorsk som administrasjonsspråk)

Vi vektlegg at du har

  • Relevant utdanning frå fagskule eller høgskule / universitet

  • Vi er generelt opne for at det er kan vere mange ulike erfaringar og bakgrunnar som kan vere nyttige og relevante i denne stillinga, men felles er at ein må vere god på å kommunisere med ulike folk, på å leie og organisere – og på gjennomføring. Søkjar må også vera særs motivert for arbeidet.

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Skjåk kommune kan tilby

  • Ein spennande jobb i eit utviklingsorientert lokalsamfunn og organisasjon

  • Store moglegheiter til å utforme eigen arbeidskvardag og stilling samt personleg og fagleg utvikling

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale

  • Pensjonsordning KLP

  • Kommunen kan hjelpe til ved behov for bustad

Prosjektleiar vil arbeide tett med næringssjefen og stillinga vil ligge under avdeling for miljø- og samfunnsutvikling.

Spørsmål om stillinga kan rettast til næringssjef Tea Karoline Mork

Epost: tea.karoline.mork@skjaak.kommune.no

Tlf: 901 16 575

Søknadsfrist 28. juli 2025

  • Elektronisk søknadsskjema

  • Søkjarlista vil bli offentleggjort

Kommunedirektøren

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted