Forsking og innovasjon, Helse Førde
Har du lyst til å jobbe med formidling av helsestatistikk?
Helse Førde lyser ut eit engasjement i 100% stilling i eit år som rådgjevar i seksjon for forsking og innovasjon.
Seksjonen er ein del av fag -og utviklingsavdelinga i Helse Førde og har om lag 20 medarbeidarar. Vi driftar Samhandlingssbarometeret (www.samhandlingsbarometeret.no) og Helseatlas (www.helseatlas.no), som er nasjonale verktøy for kunnskapsbasert forbetringsarbeid og styring i helsetenesta. Teamet som jobbar med desse verktøya er tverrfagleg samansett og har ein eigen teamleiar som rapporterer til seksjonsleiar.
Vi søkjer ein engasjert rådgjevar med høg digital kompetanse som vil bidra til å styrke formidlingsarbeidet i Samhandlingsbarometeret og Helsealtas. Du vil jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag og bidra til å gjere statistikk i nettportalane meir tilgjengelege for brukarane. Nettportalane vert mellom anna brukt av tilsette i sjukehus, primærhelsetenesta, leiarar i kommunar og helsefellesskap.
Om stillinga
Som rådgjevar i teamet vil du jobbe i skjæringspunktet mellom teknologi og kommunikasjon. Du vil få ei nøkkelrolle med overordna ansvar for drift av www.samhandlingsbarometeret.no. Nettportalane inneheld komplekse data som må omsetjast til forståeleg informasjon for brukarane. Stillinga gir deg høve til å legge til rette for betre dialog mellom tenestenivåa i helsetenesta.
Hjå oss vil du samarbeide med kollegaer frå mange ulike fagfelt, og ha ei viktig rolle både i tekniske spørsmål knytt til dei digitale plattformane og innan kommunikasjon generelt. Du får også moglegheit til å samarbeide med kollegaer i Helse Vest, andre helseforetak utanfor regionen og andre nasjonale aktørar.
Samhandlingsbarometeret og del av Helseatlas vert forvalta og drifta av Helse Førde på oppdrag frå Helse Vest RHF. Arbeidet skjer i tett samarbeid med kommunar, helseforetak, helsefellesskap og andre nasjonale miljø.
Kontorstad for stillinga er i Førde.
Oppstart etter avtale, så snart som råd.
Arbeidsoppgåver
- Drift, forvaltning og vidareutvikling av nettsidene www.samhandlingsbarometeret.no
- Rådgjeving og støtte til samarbeidspartnarar i bruk av nettportalen
- Formidling av innhald på nettsider og sosiale medium
- Strategisk kommunikasjonsrådgjeving knytt til formidling av statistiske resultat og data frå nettportalen
- Bidra til gode brukaropplevingar og sikre universell utforming av nettportalen
- Arbeide med forslag til ny netttside under "Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten" som er under arbeid
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk, medie- og informasjonsvitskap eller tilsvarande
- Erfaring med innhaldsproduksjon for nett og sosiale medium
- God digital kompetanse og forståing for brukarretta kommunikasjon
- Erfaring med bruk av publiseringsverktøy
- Erfaring med visuell framstilling og tolking av data
- Kjennskap til helsesektoren og offentleg forvaltning er eit fordel
Personlege eigenskapar
- Du jobbar sjølvstendig, strukturert og målretta
- Du trivast med å samarbeide på tvers av fagmiljø og nivå
- Du har god skriftleg formidlingsevne på nynorsk
- Du er kreativ, nysgjerrig og har evne til å forenkle det komplekse
- Du held deg oppdatert på trendar og utvikling innan digital kommunikasjon
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg miljø
- Fleksibel arbidstid
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jagrati Jani-Bølstad, Seniorrådgjevar/ teamleiar, (+47) 994 95 131, jagrati.jani.bolstad@helse-forde.no
Guro Mjanger, Seksjonsleiar, (+47) 992 58 047, guro.mjanger@helse-forde.no
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4941522679
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 15.08.2025