Aurland kommune
Om stillinga
Me har ledig 80 % mellombels stilling som brukarstyrt personleg assistent til ein mann med behov for assistanse i kvardagen. Stillinga er eit vikariat, og er ledig frå oktober 2025.
Brukaren vekslar på å bu i eige husvære saman med familien, og i avlastningsbustad. Som personleg assistent er du ein del av kvardagen til brukaren og familien hans.
Brukarstyrt personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, ved avdeling bu og miljø i Aurland kommune.
Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Der meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Som brukarstyrt personleg assistent vil du få høve til å gjere ein stor forskjell i kvardagen for eit anna menneske. Kvardagen er variert og gjevande, med gode vilkår. Stillinga inneheld for tida lange vakter i vekedagene, og arbeidshelg ein gang per månad.
Arbeid og ansvarsområde
Du vil fylgje på arrangement, aktivitetar og i andre sosiale samanhengar, etter ynskje frå brukaren.
Han treng også hjelp til:
- forklaring / formidling
- transport
- daglege gjeremål
- personleg stell
- trening
- ernæring
- helseoppfylging
- hjelpemidlar
- andre praktiske og daglege gjeremål
Me tilbyr
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter etter tariff
- minimum 6 år ansiennitet for fagarbeidarar
- ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen (førebels ut året 2025)
- gratis inngang til symjehallen (førebels ut året 2025)
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
- barnehageplass i Aurland barnehage
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI
Kvalifikasjonar
- fagbrev helsearbeidarfaget er ein fordel, men ikkje eit krav for tilsetjing
- erfaring frå arbeid i helse og omsorg er ynskjeleg
- personlege eigenskapar er ein viktig del av kvalifikasjonsvurderinga for denne stillinga
Personlege eigenskapar
Me vil at du:
- syner respekt og er lyttande
- er fleksibel og tilpasningsdyktig
- er god til å kommunisere og samarbeide
- er ein god lagspelar
- bryr deg og syner omsorg
- er roleg og tolmodig
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- førarkort klasse B
- politiattest etter helse- og omsorgstenestlova
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
NB! Me overfører tilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.