Volda kommune, Samfunnsutvikling
Volda kommune søkjer ein strukturert og engasjert kulturleiar til eit eittårig vikariat. Vi ser etter ein som får ting gjort, har god gjennomføringsevne og trivst med å sikre at avtalar og oppgåver blir gjennomførte på ein trygg og effektiv måte.
Kulturleiar er avdelingsleiar for kulturavdelinga, som er organisert i sektor for samfunnsutvikling, og inngår i leiargruppa til kommunalsjef for samfunnsutvikling.
Avdelinga er organisert i tre seksjonar:
– Kulturarena og ungdom, kino og ungdomsklubb
– Bibliotek, to filialer
– Idrett og anlegg, Voldabadet
– Frivilligsentralar
Arbeidsoppgåver
- Leiing og vidareutvikling av kulturavdelinga
- Personalansvar
- Budsjettansvar og økonomioppfølging
- Koordinering av tenester og aktivitet innan kultur
- Sakshandsaming og oppfølging av politiske mål og planar
- Samarbeid med lag, organisasjonar og eksterne aktørar
- Søknadsarbeid og tilskotsforvaltning
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning (t.d. kulturfag, administrasjon, leiing)
- Ønskjeleg med leiarerfaring (budsjett- og personalansvar)
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Erfaring fra kulturfeltet er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du trivst med administrative oppgåver, og er strukturert i di tilnærming
- Du har gode samarbeidsevner og evner å sjå dei du er leiar for
- Du har evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Du er trygg og tydeleg i leiarrolla
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt og variert leiaransvar i eit viktig samfunns-, og satsingsområde
- Dyktige kollegaer – ledergruppa sektor … og samarbeidspartnarar i og utanfor kommunen
- Høg grad av tillit og moglegheit til å påverke
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Kristina Bjørdal Kostopoulos, Avdelingsleiar, kristina.kostopoulos@volda.kommune.no
Tor Halvar Botnen, Kommunalsjef, +47 90052817, tor.halvar.botnen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Stormyra 2
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 4987212426
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 03.08.2025