Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering

  • Heltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 16. august 2025

Avdeling for kreftbehandling og rehabilitering, Helse Møre og Romsdal HF

Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "gunstig vaktordning"? 
Då må du søke denne stillinga!

Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering i perioden 01.10.2025 til og med 31.03.2026. Stillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som høyrer til Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 20 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppa som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner. Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til desse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett arbeid i tverrfaglege team både på sengepost og poliklinikk. Legegruppa er ein ung og framoverlent gruppe som bidreg til fagutvikling og til utdanning av nye spesialistar. Vi har eit godt arbeidsmiljø med sosiale møtepunkt både i og utanfor arbeidsplassen.  
Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk arbeid
  • Sengepostarbeid
  • Det er forventa at ein deltek i seksjonen si vaktordning
  • LIS har vakt for tida kvar 5. veke med heimevakt med utrykningsplikt på kvardagar frå 16.00 – 21.00, og i helg frå 09.00 – 14.00
  • Det er ikkje vakt på raude dagar i jul og påske

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, erfaring fra allmennmedisin er også positivt
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Søkarar som ikkje har fullført LIS1 kan også vurderast

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
  • Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø med ca 10 ulike faggrupper 
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Vaktordning med heimevakt 16-21 på kvardagar og 9-14 i helg
  • Vaktfri på raude dagar i jul og påske
  • Ein framtidsretta arbeidgivar som hensyntar alle livsfasar 
  • Internundervisning og fagutvikling
  • Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder 
  • Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe 
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar 
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Synnøve Opsahl Melseth, Seksjonsleiar, synnove.opsahl.melseth@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4990960744
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted