OPK-BO - Avd. Stud.spes., Vestland fylkeskommune
Bømlo vidaregåande skule sine 60 tilsette saman med sine 400 elevar arbeider for at trivsel og læring skal gå hand i hand. Lokalitetane er på Leite og i Rubbestadneset, og skulen har utdanningsprogramma: Studiespesialisering, Teknologi- og industrifag inkl. Maritime fag, Elektro- og datateknologi, Naturbruk, Helse- og oppvekstfag og Tilrettelagt opplæring. Skulen legg vekt på samarbeid med arbeidslivet på alle utdanningsprogramma.
Frå 12.08.2025 me ledig fast undervisningsstilling inntil 100 % i faga norsk, engelsk, historie og innan samfunnsfag.
Arbeidsoppgåver
planlegging og gjennomføring av undervisning
vurderingsarbeid
fylgja opp elevar
vera bidragsytar i profesjonsfellesskap og i utviklingsarbeid ved skulen
Kvalifikasjonar
Formell undervisningskompetanse i fag me søkjer etter
Det er ynskjeleg med:
relevant undervisningserfaring
erfaring i bruk av IKT som arbeidsverktøy
god skriftleg og munnleg framstillingsevne
undervisningskompetanse i fleire av skulen sine fag
førarkort kl.B
Søkjarar som kan dekka andre behov ved skulen kan bli prioriterte.
Personlege eigenskapar
Du er ein trygg og tydeleg klasseleiar med positivt elevsyn og har evne til å skape gode relasjonar.
Du er engasjert, utviklingsorientert og legg til rette for variert undervisning og varierte undervisningsformer.
Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
Du arbeider systematisk, er løysingsorientert, positiv, initiativ og har gode kommunikasjonsevner.
Du vil vera ein engasjert tilsett som arbeider for heilskapen på skulen.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Eit inkluderande og utviklande fagsamarbeid
Gode høve til eiga læring og utvikling
Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Linda Aga Legøy, Avdelingsleiar, +47 47906461
Arbeidsstad
Leitedåvane 8
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4990428380
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.08.2025