Volda vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Volda vidaregåande skule søkjer avdelingsleiar for programområda Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur.
Arbeidsoppgåver
- ansvar for pedagogisk leiing og utvikling av dei tre utdannningsprogramma
- ansvar for å vidareutvikle utdanningsprogramma i tråd med framtidige behov og utfordringar, i første omgang med fokus på utvikling av eit konsept innan utdanningsprogrammet Medium og kommunikasjon med sterkare nynorsk profil.
- personalansvar og økonomiansvar
- oppfølging av elevane sitt læringsmiljø
- arbeid med skuleadministrative system inn mot planlegging av skuleår og undervising, til dømes system for eksamensgjennomføring, time- og stillingsplanlegging
- ansvar for skulen si heimeside på Internett og sosiale medium
- administrative og pedagogiske støtteoppgåver innan kvalitetsleiing/HMS el. l.
- elevrådskontakt
- undervising
Kvalifikasjonar
- Fagleg kompetanse, fortrinnsvis på masternivå, innanfor eitt eller fleire av utdanningsprogramma
- Pedagogisk kompetanse
- Undervisingserfaring frå eitt eller fleire av dei aktuelle utdanningsprogramma
- Innsikt i og erfaring frå relevante tverrfaglege arbeid og -prosjekt
- Innsikt i skuleadministrative system
- Kunnskap om avtaleverk, lovverk og tariffavtale for vidaregåande opplæring
- Erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid innanfor eitt eller fleire av dei aktuelle utdanningsprogramma
- Erfaring i å leie utviklingsarbeid/relevant leiarerfaring er ønskeleg
- God digital kompetanse
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som
- er ein tydeleg leiar
- har ein open og inkluderande leiarstil
- har god samhandlingskompetanse-/ferdigheiter og god relasjonskompetanse
- er fleksibel og har evne til å ta initiativ
- har god systemforståing og interesse for arbeid med skuleadministrative system
- er engasjert i å arbeide med- og utvikle skulen sine mål og strategiar
Vi tilbyr
- Gode fagmiljø med eleven og eleven si læring i sentrum
- Eit fagleg og pedagogisk profesjonsfellesskap der vi støttar kvarandre
- Eit inkluderande og nytenkande kollegium der du kan utvikle deg
- Gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Kristin Bakke Seterås, Avdelingsleder, +47 91569705
Arbeidsstad
Vevendelvegen 35
6102 VOLDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4989746019
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.07.2025