Vil du vere med å utvikle Helse Vest sin private sky?

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 2. august 2025

Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT

Vil du vere med å forme helseteknologi for framtida? Helse Vest IKT har ansvaret for helsedata og IT-drift for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland.
No søker vi ein engasjert medarbeidar til SDDC-teamet vårt – ei nøkkelrolle i utviklinga av vår private sky.

Team SDDC er ein del av seksjonen for Server og lagring i tenesteområdet Privat sky, og har ansvar for grunnmuren i vår IT-infrastruktur. Det software-definerte datasenteret er i dag basert på VMware-teknologi (vCloud Foundation).

Vi ser no etter deg som brenn for virtualisering og samtidig ønsker å bidra til automatisering og vidareutvikling av tenestene vår. Du vil få moglegheit til å jobbe med kompleks infrastruktur – i eit miljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og høg grad av tillit. 

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle automasjon og sjølvbetening.
  • Sentralisert drift og vidareutvikling.
  • Kontinuerleg oppfølging og forbetring av IKT-sikkerheit.
  • Kunnskapsdeling (GitOps).
  • Endringshandtering (ITIL) og preventivt vedlikehald.

Kvalifikasjonar

Vi ønsker oss deg som:

  • Har høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan IT, eller solid relevant arbeidserfaring som kan kompensere for dette.
  • Har erfaring med og kompetanse om VMware sitt datasenterprodukt, vCloud Foundation (ESXi, vSAN, NSX-T…).
  • Har erfaring med scripting og verktøy som Ansible for automasjon.
  • Har erfaring frå drift i større miljø (ikkje eit krav).
  • Kan sikkerheitsklarerast i samsvar med Verksemdsforskrifta §69.
  • Er nysgjerrig, strukturert og har eit ønske om å utgjere ein forskjell.
  • Snakkar og skriv flytande norsk.

Personlege eigenskapar

  • Har eit framtidsretta tankesett, og er nysgjerrig på teknologi og open for nye utfordringar.
  • Har respekt for andre sine tankar og meiningar.
  • Er hjelpsam, kunnskapsrik og likar å dele med andre.
  • Har sans for struktur og kvalitet i arbeidet.
  • Verdset eit godt arbeidsmiljø og bidreg med godt humør.

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:

  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
  • Spennande og samfunnsnyttige oppgåver i ein av Norges mest komplekse IT-infrastrukturar.
  • Eit sterkt fagmiljø og moderne teknologiar frå øvste hylle.
  • Nye, flotte kontorlokale på Kronstad X i Bergen.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kurs og konferansar.
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og moglegheit for heimekontor.
  • Lunsjpause inkludert i arbeidstida.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med høg trivsel.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ivan Dyb Holmedal, Gruppeleiar, 90 60 22 28
Anders Fredrikson, Seksjonsleiar, +47 93 24 96 85

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 4989389570
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted