Medisinsk mikrobiologi, Helse Fonna HF
Vi har ledig 100 % fast stilling som fagansvarleg ingeniør Molekylær diagnostikk, dagturnus. Dagturnus vil innebere laurdags- og heilagdagsvakter, og vaktene blir fordelt mellom bioingeniørar i vaktplan.
Medisinsk mikrobiologi er ein del av avdeling for laboratoriemedisin ved klinikk for medisinske tenester og beredskap i Helse Fonna. Avdelinga vår har teke i bruk ny avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar. Vi er i stadig utvikling.
Vi hjelper deg med reise- og flyttekostnader (inntil 20.000,-)
Vi dekker husleige dei første 6 månadane (inntil 60.000,-).
Intervju blir gjennomførte fortløpande, og vi er fleksible når det gjeld oppstartsdato. Ta kontakt med Tiril dersom du har spørsmål!
Ved eventuell intern tilsetjing kan det bli ledig ei anna stilling som fagingeniør eller fagansvarleg ingeniør i dagturnus. Angi i søknad om dette er av interesse for deg.
Kva går jobben ut på?
- Delta i laboratoriets rutinearbeid
- Medverka til fleksibel og rasjonell drift av verksemda i samsvar med gjeldande prosedyrar og føringar, og at arbeidet blir utført i samsvar med krav gitt i ISO 15189
- Ressursperson og pådrivar i utviklings- og forbetringsarbeid
- Ansvarleg for at det finst nødvendige prosedyrar og opplæringsplanar innan eige fagområde
- Delta i avgjerdsprosessar og prosjekt angåande innkjøp og implementering av metodar og medisinsk teknisk utstyr innan fagområdet
- I samarbeid med lege ha ansvaret for utprøving og validere/verifisere nye metodar og utstyr
- Ansvar for å fordjupe seg innanfor fagområdet og på den måten vere ein fagleg ressurs
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Bioingeniør med norsk autorisasjon, og med mastergrad innan molekylærbiologi. Søkjarar med anna relevant molekylærbiologisk erfaring og kompetanse kan bli vurdert. Videreutdanning innan molekylærbiologi er ein fordel og blir vektlagd.
- Erfaring med etablering og bruk av PCR metodar innen medisinsk mikrobiologi blir vektlagd.
- Kunnskap om relevant medisinsk-teknisk utstyr, heilautomatiserte analyseiningar og IKT-system blir vektlagd
- Stillinga krev en nøyaktig arbeidsmetodikk og god forståing for prosedyrebasert arbeid. Erfaring frå akkreditert laboratorium er ønskjeleg.
- Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har motivasjon og interesse for fagfeltet
- er punktleg og påliteleg
- har gode samarbeidsevner
- er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
- trivst i eit tverrfagleg miljø
- toler å stå i krevjande situasjonar og meistrar høgt tempo
- bidreg positivt til eit fagleg og sosialt arbeidsmiljø
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og vilje til å ta ansvar.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling
- Ein spennande jobb med varierte arbeidsoppgåver
- Dekka reise- og flyttekostnader (inntil 20 000 kr)
- Dekka husleige dei første seks månadene (inntil 60 000 kr)
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Tiril Knutsen, Funksjonsleiar – Medisinsk mikrobiologi, +47 41441849, tiril.knutsen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundsgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4988278791
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.07.2025