Fagbioingeniør

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 9. august 2025

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk genetikk, Helse Bergen HF

Avdeling for medisinsk genetikk (MGM) er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har regionansvar for medisinsk-genetiske tenester i Helse Vest. Vi har om lag 90 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn, og vi er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk, ei laboratorieeining med to seksjonar og ein merkantil seksjon. Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft (RKAK) og Regionalt senter for presisjonsmedisin er òg knytta til avdelinga. Vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etasje i Laboratoriebygget, medan vår Medisinsk-genetiske poliklinikk er lokalisert til 2. etasje i same bygg.

Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium for diagnostisk utgreiing, rettleiing og oppfølging av pasientar og deira familiar med sikker eller mistenkt genetisk tilstand. Fagområdet medisinsk genetikk er i rask endring, basert på ny teknologi som gjer det mogleg å analysere alle dei genetiske variantane til eit menneske i éin prøve. Gjennom utviklinga av persontilpassa medisin forventar vi at raskt aukande kunnskap om variasjon i arvestoffet vil få stor innverknad på medisinsk praksis i framtida. Forsking er ein viktig del av vår verksemd.

Den diagnostiske laboratorieverksemda er akkreditert etter ISO 15189. Rask teknologisk utvikling samt aukande etterspurnad etter våre tenester medfører eit aktivt og travelt arbeidsmiljø i kontinuerleg endring.

Stillinga er knytta til Seksjon for laboratoriediagnostikk som utfører cytogenetiske- og molekylærgenetiske analysar på pre- og postnatale prøvar for å sjå etter genetiske avvik som kan vera sjukdomsgivande.

Den som blir tilsett vil få fagansvar for G-banding og tilknytta cytogenetiske metodar. Dette inkluderer drift og vedlikehald av tilknytta prosedyrar og instrument, samt opplæring.

Arbeidsoppgåver

  • Drifte, utvikle og halde seg fagleg oppdatert på fagområdet
  • Utarbeide og vedlikehalde prosedyrar og kompetanseplanar innan fagområdet
  • Ha instrumentansvar for relevante instrument
  • Gi opplæring og rettleiing i fagområdets analysar
  • Delta i dagleg drift ved seksjonen 
  • Delta i blodprøvetaking av inneliggande og polikliniske pasientar
  • Delta i avdelingens internundervisning når relevant
  • Andre oppgåver kan tilkome

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Erfaring med cytogenetiske analysar som g-banding og celledyrking er ein stor fordel
  • Erfaring med molekylærbiologiske metodar er ein fordel
  • Arbeidserfaring frå eit akkreditert laboratorium er ein stor fordel
  • Erfaring med bruk av laboratorieinformasjonssystem
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd
  • Må meistre norsk eller eit skandinavisk språk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Nøyaktig og strukturert
  • Sjølvstendig
  • Løysningsorientert
  • Samarbeidsvillig
  • Fleksibel
  • Ønske om kompetanseutvikling og interesse for fagfeltet
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Høgt fagleg nivå
  • Fleksibel arbeidstid
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Atle Brendehaug, Sjefbioingeniør, 55975481, atle.brendehaug@helse-bergen.no
Kjetil Solland, Seksjonsleiar, 55975487

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4984703954
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted