LMBB, seksjon Førde, Helse Førde
Bli med på laget til LMBB – din sjanse til å kombinere fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur!
Er du helsesekretær og klar for nye utfordringar? Vi har ledig eit vikariat i 50% stilling fram til 15.04.2026 – med moglegheit for både auke i stillingsprosent og forlenging. Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde, får du høve til å arbeide med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø.
🌟 Her får du:
- Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
- Tett samarbeid med erfarne og hyggelige kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
- Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon
- Dagarbeidstid og mellomvakter
- Det kan og bli aktuelt med arbeid på dagtid laurdag og søndag
🌍 Førde – din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement
- Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiskemoglegheiter rett utanfor døra
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.
🎉 Sosialt miljø:
Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Er du klar for å ta steget? Ta kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team!
Startdato etter avtale. Vi gledar oss til å bli kjent med deg!
Sjå video for å bli kjent med oss i LMBB.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
- Utføre PNA-analyser
- Tapping av blodgiverar
- Ekspedisjon/ posthandtering
- Telefonekspedering frå avdelingar på sjukehus og spesialist- og primærhelsetenesta
- Stillinga har dagarbeidstid og mellomvakter. Det vil også bli aktuelt med arbeid i helg.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Relevant praksis/arbeidserfaring innan blodprøvetaking er ein fordel
- Gode IKT kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Stukturert og målretta
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Må trivast i eit aktivt miljø
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæringsprogram for nytilsette
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
- Arbeid i IA-bedrift
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Robin-Andre Sørland, Avdelingssjef, (+47) 918 25 148
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4948120473
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.07.2025