Fitjar Folkebibliotek og skulane i Fitjar kommune
Fitjar kommune har fått statleg tilskot frå Utdanningsdirektoratet til å vidareutvikla skulebiblioteket som ein aktiv del av det pedagogiske arbeidet i skulane våre. Me søkjer derfor etter ein (eller to) prosjektmedarbeidar(ar) i inntil 90 % stilling for eit år med moglegheit for deling i to stillingar à ca. 35–45 %.
Om stillinga:
Prosjektet skal styrka leselyst, leseforståing og kritisk medvitsarbeid hjå elevane gjennom systematisk bruk av skulebiblioteket som læringsarena. Prosjektmedarbeidaren(e) vil samarbeida tett med lærarar og bibliotekar for å utvikla og gjennomføra:
-
Lesekvart i alle klassar
-
Struktur og innhald for <<den gode bibliotekstimen>>
-
Leselyst- og leseprosjekt på ulike trinn
-
Undervisning i kjeldekritikk og informasjonskompetanse
-
Oppfølging av lesestrategiar og kommunal skulebiblioteksplan
-
Implementering av lokal leseplan
Kvalifikasjonar:
-
Pedagogisk utdanning og erfaring frå arbeid i skule
-
Gjerne erfaring frå liknande prosjekt eller utviklingsarbeid i skulebibliotek
-
God digital kompetanse og evne til å nytta biblioteket aktivt i undervisning
-
Evne til sjølvstendig arbeid og samarbeid med fleire aktørar
Personlege eigenskapar:
-
Initiativrik, strukturert og engasjert
-
Gode kommunikasjonsferdigheiter
-
Interesse for lesing, litteratur og elevmedverknad
Vi tilbyr:
-
Ein spennande moglegheit til å vera med på å styrka lesing og læring i skulen
-
Eit fagleg utviklande samarbeid med lærarar og bibliotek
-
Moglegheit for fleksibel organisering av stilling, avhengig av søkjarar og behov
Stillinga er eit prosjekt med varigheit eitt år, med ønskje om oppstart hausten 2025.