Lab. medisinsk biokjemi og blodbank, seksjon Førde
Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) er ei fellesavdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og Nordfjord.
LMBB er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.
🌟 Her får du:
- Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin
- Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
- Tredelt turnus, grundig opplæring og du er aldri aleine på vakt
- Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon
🌍 Førde – din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement
- Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiske rett utanfor døra
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna
🎉 Sosialt miljø:
Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Er du klar for nye og spennande arbeidsoppgåver ? Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga – og bli ein del av vårt team!
Startdato 01.09.2025 eller etter avtale. Vi gledar oss til å bli kjent med deg!
Sjå video for å bli kjent med oss på LMBB Førde
Arbeidsoppgåver
- Fagleg medansvar innan klinisk kjemi og immunkjemi
- Opplæring og undervisning
- Delta i rutinearbeid i avdelinga
- Delta i avdelinga sin vaktturnus
- Ved framtidig behov i avdelinga kan innhald i stillinga verte endra
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som bioingeniør
- Erfaring innan medisinsk biokjemi er ein fordel
- Kunnskap og interesse for kvalitetssikring
- God IT-kompetanse
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og lærevillig
- Jobbar strukturert og målretta
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Må trivast i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Høve til opplæring og kompetanseutvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeid i IA-bedrift
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Robin-Andre Sørland, Avdelingssjef, (+47) 918 25 148
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4990033422
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.07.2025