Alver kommune
Om stillinga / skulen
Ledig vikariat. 01.08.20205 – 31.07. 2026 .
Kontaklærar med ønska undervisningskompetanse i musikk, engelsk , KRLE/Samfunnsfag.
Knavik ungdomsskule er ein fantastisk stad å jobbe! Den ligg sentralt i Knarvik, 25 min å kjøre frå Bergen sentrum. Det er god offentleg transport . Skulen tilbyr eit inkluderande og engasjerande læringsmiljø.
Arbeidsoppgåver
I denne rolla vil du få moglegheita til å utøve verdas beste og viktigaste jobb – undervisning!
Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med vårt engasjerte team vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.
Kvalifikasjonskrav
Det er ønskjeleg med undervisningskompetanse i musikk og engelsk. Gjerne også KRLE/ Samfunnsfag eller tilsvarande kompetanse. Gjerne med erfaring frå undervisning og klasseleiing.
Ønskt kompetanse
Vi søkjer lærarar som:
- Har undervisningskompetanse i musikk og engelsk. Gjerne også KRLE/ Samfunnsfag
- God på klasseleiing og kan ha kontaktlæraransvaret
- Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga både aleine, og i lag med kollegaar.
- Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
- Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
- Bidreg til å utvikla skulen sitt positive arbeidsmiljø
- Har gode kommunikasjonsevner og er ein tydeleg klasseleiar.
- Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
- Aktivt samarbeider med kollegaar og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbyte
Alver kommune har nynorsk som målform. Søkar må grunnleggande ferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Vi tilbyr
Som ein del av vår skule får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og dyktig lærarteam. Du vil jobbe saman med flotte elevar som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt lærarteam.
Søk no og bli med på å forme våre elevar sin framtid!