Helgestilling med arbeid kvar 4 helg i langvakter

  • Deltid
  • HAUS, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 6. august 2025

Om stillinga

Vi har ledig ei fast helgestilling med arbeid kvar 4 helg i langvaktturnus. Det gjer at vi har ein unik moglegheit til å rekruttere akkurat deg til oss i Raus Bufellesskap. Er du helsefagarbeidar, eller kanskje sjukepleiar- eller vernepleiarstudent er dette kanskje noko for deg? Dette er ei ypperleg moglegheit for helsefaglege studentar å arbeide medan ein studera.

Stillinga er ein fast stilling med arbeid i langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Med langvakter hos oss i Raus Bufellesskap jobbar du kl. 09-21 i kvardager og kl. 11-21 i helg. Langvakter bidrar til å skape kontinuitet i arbeidet med brukarane våre, samstundes som det skaper ein forutsigbar turnus for dei tilsette med lengre friperiodar. 

Raus bufellesskap er i eininga Psykisk helse og rusomsorg i Osterøy kommune. Eininga består av psykiatrisk heimeteneste, kommunalpsykolog og bufellesskapet Raus. Vi er i ein spennande prosess med å bygge forsterka bustader som vil være ferdige ila høsten, så vi er ei eining i vekst!

I bufellesskapet er det 6 leiligheiter fordelt på 2 hus. I hus 1 jobber det ein døgnvakt og ein langvakt. I hus 2 jobbar det 2 stk i døgnvakt. Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med inkluderande, trygge og fagleg kompetente kollegaer, som bidrar positivt med recovery tenkning for våre bebuarar. Det er i tillegg nokre bustadar knytt til bufellesskapet som får oppfølging. Bufellesskapet gjer tenester til vaksne personer med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk. 

Oppgåver i stillinga kan til dømes vera 

  • Gje bistand til bebuararne i dagleglivets aktivitetar 
  • Bidra til å skape eit godt sosialt fellesskap 
  • Ha fokus på aktivitet i kvardagen 
  • Medikamenthandtering
  • Styrke det sosiale nettverket til bebuarane 
  • Skape trygge og gode omgjevnader til brukarne
  • Miljøterapautiske tiltak

Lista er ikkje uttømmande.

Vi tilbyr

  • Ein arbeidstad i naturskjønne omgjevnadar i nydelege Haus  
  • Høgt fagleg kolleganivå og eit godt arbeidsmiljø 
  • Stor fagleg variasjon 
  • Osterøy kommune er ein IA-verksemd
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida hjå KLP  
  • Gode parkeringsmoglegheiter. Kjem du med buss/kollektiv transport, er arbeidsstaden i umiddelbar nærleik til busshaldeplass. 

Kvalifikasjonskrav

  • Du har helsefagleg utdanning eller er under utdanning
  • Det er ønskjeleg med erfaring med brukargruppa
  • Grunnkurs (12-timar) og medikamenthandteringskurs må vere bestått, eller takast innan kort tid etter oppstart
  • Førarkort klasse B
  • Søkjarer utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skrifteleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk

Kven er du?

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta 
  • Gode samarbeidsevner 
  • Du er punkleg, til å stole på og er lojal mot fellesbeslutningar
  • Personleg egnethet vil vært vektlagt 
  • Du er nysgjerrig, open og har evne til å refektere 
  • Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar 
  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. 
  • Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted