Tilkallingsvikar Solevåg skule og SFO

  • Deltid
  • EIDSNES, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 29. juni 2026

Solevåg skule, Sula kommune

Solevåg skule er ein mellomstor barneskule i Sula kommune med i overkant av 200 elevar fordelte på 12 klasser frå 1. til 7. trinn.
Skulen ligg flott plassert på Solavågseidet med tilgang til eit mangfaldig nærområde godt tilrettelagt for friluftsaktivitetar. 
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt vektøy.
Skulen har 21 pedagogar, åtte assistentar, dagleg leiar SFO, helsesjukepleiar, inspektør og rektor. 

Arbeidsoppgåver

Solevåg skule og skulefritidsordning har behov for tilkallingsvikarar for lærarar og assistentar.

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg med arbeidserfaring frå skule eller SFO, og ein fordel om med pedagogisk utdanning/fagbrev.
Gyldig politiattest må leggast fram.

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at ein er positiv og fleksibel, kan samarbeide og har evne til å byggje relasjonar til elevane, føresette, kollegaer og leiinga.
Det er ein fordel om ein har erfaring frå bruk av IKT-verkty.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne. 
Skulen nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtalar.

Kontaktinformasjon

Børre Hagen, Rektor, 95710229, borre.andreas.hagen@sula.kommune.no

Arbeidsstad

solavågseidet 57
6037 Eidsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 4843644081
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 30.06.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted