
Svingen barnehage, Fitjar kommune
Frå 01.10.2025 er det ledig eit vikariat 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Fitjar Narturbarnehage med høve til forlenging om det blir naudsynt.
Fitjar naturbarnehage ligg like utanfor Fitjar sentrum. Barnehagen har tilhaldstad i tidlegare Fitjarstølane barnehage. Dei er ein av barnehagane som skal bli flytta til Øvrabygda oppvekstun når nytt bygg står ferdig der.
Me søkjer etter medarbeidarar som:
-
Har fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar
-
Kan ta del i det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og vera med på å motivera medarbeidarar til utvikling og målretta arbeid til det beste for barna
-
Har stor interesse for friluftsliv og evne til å engasjera barna i utandørs aktivitetar
-
Er ein positiv lagspelar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Kan bidra til at barn opplever meistring og glede i kvardagen
-
Har evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig
-
Er fleksibel, viser arbeidsglede og har god relasjonskompetanse
-
Har evne og vilje til å engasjera deg i leiken på det nivået barna treng deg
-
Har god IKT kompetanse
Me kan tilby:
-
Personleg og fagleg utvikling
-
God offentleg tenestepensjon i KLP
-
Løns- og avtalevilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Obs lang søknadsfrist på grunn av ferieavvikling.
Spørsmål kring stillinga kan rettast til etatssjef for oppvekst og kultur André Sæthre, telefon 400 43 230.