Sunnmøre tingrett
Om deg
Vi søker ein jurist med gode faglege kvalifikasjonar, og minst to års arbeidserfaring som jurist. Du må arbeide sjølvstendig og vere løysingsorientert. God skriftleg og munnleg framstillingsevne er naudsynt i stillinga.
Stilling som dommarfullmektig føreset at du er norsk statsborgar. For alle dommarfullmektigar vert det innhenta politiattest.
Me tilbyr
Ansettelsesvilkår etter Hovedtariffavtalene i staten og dommarfullmektigavtalen, med lønn pr. 1. mai 2024:
- Frå 0 til12 månader, kr 563.500,-
- Frå 12 til 24 måneder. ca kroner 660.000,-
Spørsmål
Dersom du har spørsmål om stillinga og domstolen, kontakt sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset, tlf.: 93037227.
Du kan lese meir om domstolen på nettsida vår: https://www.domstol.no/no/domstoler/tingrett/sunnmore-tingrett/.
Generell informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no.
Om oss
Sunnmøre tingrett er ein fullfagleg domstol som m.a. behandlar sivile tvistar, straffesaker, tvangs- og skiftesaker. Tingretten har rettsstadar både i Ålesund og i Volda. Rettskrinsen omfattar alle kommunane på Sunnmøre.
Tingretten vert leia av sorenskrivar, og har i tillegg 7embetsdommarar, to dommerfullmektigar, ein administrasjonssjef og 14 sakshandsamarar.
Vi legg vekt på bredde og mangfald i arbeidsmiljøet, der alle søkarar vert vurdert likeverdige. Vi oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søke jobb hos oss. Det er ein føresetnad at du kan vere fysisk til stades og tilgjengeleg for verksemda på dagleg basis.
Me oppmodar søkarar til å kryssa av i søknadsportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Les meir om dette på denne linken: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Vi viser videre til at søknaden vert vurdert ut frå den informasjonen som ligg føre ved utløpet av søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis kvalifikasjonane dine oppfyller kriteria som kjem fram av kunngjeringa.
Personopplysningar som vert gitt i søknad og CV vert behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar.
Vi utarbeidar offentleg søkarliste. Det vert i denne samanhengen vist til offentlegheitlova § 25 andre ledd, med høve til å søke om unntak frå søkarlista.