Ledig stilling

  • Heltid
  • LÆRDAL, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 2. august 2025

Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta

 

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna. 

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. 

Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum – mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen – breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.  

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri.   

Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les desse. Og viss eit årsvikariat i bu- og miljøtenesta er aktuelt, har du all grunn til å lesa vidare. 

 

Me har ledig 100 % vernepleiarstilling. Andre med relevant høgskuleutdanning kan søkje. Stillinga har turnus med for tida arbeid kvar 4. helg. Bu og miljøtenesta har årsturnus som mellom anna inneheld langvakter.

Bu og miljøtenesta består i dag av desse einingane:

  • Psykiatribustad
  • Tenester for personar med nedsett funksjonsevne
  • Psykisk helse og rus
  • Dagtilbod
  • Koordinator for funksjonhemma

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • Målretta miljøarbeid
  • Praktisk bistand
  • Delta på ulike aktivitetar
  • Ansvar for medisinhandtering og oppfølging

Personlege eigenskapar:

  • God til å samarbeide og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
  • Ansvarsbevisst og lojal
  • Fleksibel
  • Vere ein god rollemodell
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

 Me kan tilby:

  • Løn etter tariff
  • Pensjonsinnbetaling KLP 2 %
  • Betalte matpausar
  • Rekurtteringstilskot på 60.000 kr med to års bindingstid 

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1.klassingar, gratis deltids-SFO heilt til 3.klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

 

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted