Volda kommune, Institusjonsteneste
Seksjonsleiaren vår har takka ja til nye utfordringar, og vi søkjer difor deg som vil leie den spennande og mangfaldige korttidsseksjonen ved Volda omsorgssenter.
Korttidseksjonen er Volda kommune sitt pulserande knutepunkt for heilskapleg pasientbehandling. Tilbodet omfattar både ordinære korttidsplassar og øyeblikkeleg hjelp innan somatikk og psykiatri. Vi har eit breitt fagmiljø, og har tett samarbeid med fysio- og ergoterapeutar, lege, heimetenester, sjukehus og forvaltingskontor.
Du vil spele ei sentral rolle i utviklinga av nye sjukepleieteam, og kombinere leiing og administrative oppgåver med direkte tenesteyting. Dette er ei stilling for deg som brenn for høg kvalitet i tenestene, trivast i dialog med ulike faggrupper – og likar å tenke både drift og utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for drifta i seksjonen
- Dagleg ansvar for personale
- Medansvar for budsjett og økonomi
- Medansvar for utvikling- og endringsprosessar
- Vere ein tydeleg leiar som kan stå i utfordringar og som legg godt til rette for eit godt samarbeidsklima, medverknad og innovative løysingar
- Fagansvar for seksjonen, sjå til at tenestene har god fagleg kvalitet
- Delta i den interne leiargruppa som består av avdelingsleiar og seksjonsleiarar i institusjonstenesta
Volda kommune har starta arbeidet med å etablere heiltidskultur og er i tillegg deltakar i det nasjonale Tørn nettverket. Som seksjonsleiar er det forventa at du inntek ei aktiv rolle i dette arbeidet.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning innan leiing. Du må oppgi HPR -nr i søknaden
- Det er ønskeleg med erfaring innan leiing og / eller kvalitetsutvikling
- Erfaring med endringsarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Det er ein fordel med erfaring frå kommunal helseteneste, og at ein har god oversikt over krava stilt til kommunale helse – og omsorgstenester generelt og seksjonen sine fagområde
- Evne til å jobbe systematisk og målretta med god framdrift
- Det skal leggast fram politiattest før oppstart i stillinga
- Det er ynskjeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica
Personlege eigenskapar
- Du er tydeleg som leiar, og du både støttar, utfordrar og stiller forventningar til dine medarbeidarar
- Du er opptatt av kommunikasjon og har evne til å inspirere og motivere dine medarbeidarar
- Du er sjølvstendig i ditt arbeid, har god arbeidskapasitet og har evne til å prioritere mellom ulike arbeidsoppgåver
- Du er ein synleg leiar med gode relasjonelle ferdigheiter og har evne til å utvikle fellesskap og gode team
- Du er strukturert og har god systemforståing, samt ferdigheiter innan data- / fagprogram
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er ein god lagspelar
- Du må kunne identifisere deg med verdiane i Volda kommune: RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE
Vi tilbyr
- Ei spanande, krevjande og interessant stilling
- Leiaropplæring-/oppfylging
- Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fokuspå relevant kompetanseutvikling, og høve til vidareutdanning
- Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
- Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjonstenester , 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 4987166608
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.08.2025