Føde/barsel eining Haugesund sjukehus
Kjenner du deg igjen?
Du trivst i ein avdeling der det skjer mykje, der tempoet er høgt – og der du får brukt all din kompetanse. Du held roen i krevjande situasjonar, tek ansvar i teamet og møter både fødande og kollegaer med tryggleik og fagleg tyngde.
Hos oss får du ein variert og aktiv arbeidsdag i tredelt turnus, med arbeid kvar tredje helg. Det er mogleg å jobbe i deltid eller i ei rein helgestilling – vi finn løysingar saman.
Hos oss blir du ein del av ei kombinert føde- og barselavdeling med omlag 1350 fødslar i året, der vi tar imot både normale og risikofødslar frå heile regionen. Vi er ein kvinneklinikk med stort spenn i oppgåver og tett samarbeid med nyfødt intensiv og gynekologar.
Vi jobbar tverrfagleg, støttar kvarandre – og har ein kvardag du både lærer av og veks i.
👉 Vi håpar vi du sender inn søknaden din – vi gler oss til å bli kjent med deg!
Kva går jobben ut på?
- Vi selekterer med tanke på normal- og risikofødslar i avdelinga
- Som jordmor får du hovudansvar for normale fødslar, samarbeid med gynekolog ved risikofødslar. Vi
har òg eit samarbeid i forhold til gynekologiske pasientar. - Studentrettleiing er ein naturleg del av rolla.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Er autorisert jordmor
- Bør ha relevant oppdatert erfaring som jordmor ved fødeavdeling.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad .
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som
- jobbar strukturert og tek ansvar i ein travel kvardag
- har evne til å sjå enkeltmennesket – i ei av livets viktigaste stunder
- er sjølvstendig, men trivst også med tett samarbeid
- kommuniserer godt – både med pasientar, pårørande og kollegaer
- likar å lære og handterer endringar med ro og oversikt
Personleg egnethet vert vektlagd
Kvifor velje oss?
Hos oss får du:
- Triveleg arbeidsmiljø med inkluderande kollegaer.
- Fagleg utvikling og høgt kompetansenivå
- Moglegheit for deltid og helgestilling
- Ein variert og aktiv arbeidsdag i tredelt turnus
Kontaktinformasjon
Karin Skjoldal, funksjonsleiar, 52732324
Sidsel Petrine Vetås, Avdelingsleiar, +47 52732326
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4939675517
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2025