Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Instiuttleiar ved Institutt for geovitenskap – åremålsstilling
Ved Institutt for geovitenskap er det frå 1.1.2026 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år, med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing for nye søkjarar.
Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten til instituttet innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling. Instituttleiaren inngår i fakultetet si leiargruppe.
Om instituttet
Institutt for geovitenskap er eitt av sju institutt ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi. Les meir om fakultetet og tilhøyrande institutt her.
Ved fakultetet finn vi eitt av Noregs største geovitskaplege fagmiljø og forskningsgruppene er sentrale i fleire internasjonalt leiande forskingssenter. Instituttet driv forsking og utdanning på høgt internasjonalt nivå i takt med samfunnet sitt behov for geovitskapleg kompetanse. Dette stiller krav til moderne forskingsfasilitetar. I dag har instituttet ansvar for ei rekkje avanserte laboratorium, kraftig data-infrastruktur samt avansert felt og toktutstyr. Fleire av desse har status som nasjonale infrastrukturfasilitetar. Vidare har instituttet tilgang til ei rekke moderne havgåande fartøy.
Ved Institutt for geovitenskap er det etterspurde studier på bachelor-, master- og ph.d.-nivå Instituttet har om lag 170 tilsette og 380 studentar. Samla budsjett ligg på ca 200 mill.kroner der om lag 60 % er eksternt finansierte prosjekt.
Nærare opplysningar om instituttet finn du på Institutt for geovitenskap.
Om stillinga
Instituttleiar si viktigaste oppgåve er å utvikle instituttet i tråd med hovudmålet, synleggjere den viktige rolla instituttets forsking og utdanning har i samfunnet og posisjonere faga ved institusjonen slik at Universitetet i Bergen styrker si rolle i fagområdet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Som del av dette, er det ei viktig oppgåve for instituttleiar å stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering, då forskingsverksemda ved instituttet avheng av at ein lukkast med dette.
Instituttleiar har overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon samt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Instituttleiar leiar instituttrådet, rapporterer til dekanen og inngår i fakultetet si leiargruppe.
Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å
- leie og utvikle verksemda ved instituttet i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen.
- bidra til utviklinga av fakultetet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling.
- sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon.
- representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid.
- stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskings- og utdanningsfinansiering.
- skape ein positiv organisasjonskultur, arenaer for samarbeid, medverknad og dialog og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø.
- sikre at kjønns- og mangfaldsperspektivet er godt vareteke ved tilsetjingar og i instituttkulturen.
- skape arenaer for samarbeid, medverknad og dialog.
- sørgje for tenleg infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda.
- sørgje for god økonomistyring og at internkontroll fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer ein instituttleiar som
- har interesse og kunnskap om verksemdsleiing og leiarutvikling.
- har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing.
- har visjonar og tankar for vidareutvikling av instituttet dei neste 5-10 åra.
- har evne til å tilpasse seg i både ein sektor og eit samfunn som er i stadig endring.
- er ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet.
- har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet.
I tillegg vert det lagt vekt på
- god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom.
- ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog.
- leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar.
- gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt.
- gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og i engelsk.
Vi tilbyr:
- løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475 Instituttleiar)
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- kompetent leiarnettverk
- gode velferdsordningar
Det vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan Gunn Mangerud, telefon +47 975 57 137 / e-post gunn.mangerud@uib.no eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 975 57 135 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no.
Alle spørsmål vert handsama konfidensielt.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga. Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhengande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.