Giske kommune
Valderøy barneskule har ledig lærarvikariat i 100 % stilling frå 01.08.2025 – 31.07.2026.
Valderøy barnskule er ein 1 – 7 skule med ca. 450 elevar. Visjonen vår er "med hjartefor læring" med fokus å vekst og varme.
Satsinsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.
Menn blir oppfordra til å søkje.
I tillegg til formell kpmpetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er godt skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal leggast ved søknaden.
Arbeidsoppgåver
Kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning 1-7, men 5 -10 kan også vere aktuelt. Det er ein fordel med faga norsk matematikk, engelsk og spesialpedagogikk, men søkjarar med andre fag vil og bli vurderte.
- Kompetanse i klasseleiing.
- God digital kompetanse.
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Fagleg og personleg tryggheit.
- Vilje til tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollegaer og foresatte om meistring, læring og trivsel.
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit.
- Evne til tydeleg kommunikasjon og grensesetting.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.
Kontaktinformasjon
Terje Andrè Austnes, einingsleiar/rektor, +47 90787060
Arbeidsstad
Øvstevegen 19
6050 Valderøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 4987664117
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 21.07.2025