Føretaksøkonomi Haugesund sjukehus
Er du den nye kollegaen vi ser etter i controllerteamet vårt?
Vi har ledig ein fast stilling som controller – ei rolle der du får vere tett på avgjerder som påverkar både pasientforløp og ressursbruk. Her blir du ein viktig støttespelar for leiarar og fagmiljø i heile føretaket.
Som controller hos oss jobbar du både strategisk og operativt. Du blir ein del av eit team med ni controllerar som samarbeider tett med klinikkar og stab. Vi har ei viktig rolle i å analysere og støtte arbeidet med verksemdsstyring, økonomi og aktivitet – alltid med målet om betre pasientflyt og ressursbruk.
👉 Vil du bli med på laget vårt? Då må du sende oss ein søknad no!
Lurar du på noko om stillinga? Då er det berre å ta kontakt med Sølvi Apeland Rogde, økonomi- og finansdirektør, på telefon 41 29 40 54.
Kva går jobben ut på?
Jobben inneber at du får vere med i budsjettarbeid, månadsoppgjer og rapportering, og du vil ha dialog med både leiarar og fagpersonar i organisasjonen.
I tillegg vil du blant anna:
- Å bidra til klargjering av data til bruk i organisasjonen.
- Samarbeide tett med kollegaer internt og med eksterne samarbeidspartnarar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Utdanning innan økonomi, gjerne på bachelor- eller masternivå.
- God økonomiforståing
- Det er ein fordel å ha gode digitale kunnskaper.
- Har du erfaring frå controlling, er det flott – men vi oppmodar òg nyutdanna med interesse for fagfeltet til å søkje.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivst med å jobbe sjølvstendig, men også set pris på godt samarbeid
- har eit godt lag med folk og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- liker å dykke ned i tal, finne mønster – og formidle innsikta vidare på ein forståeleg måte
- tek initiativ og ser kva som må gjerast
Vi ser etter deg som både har rett kompetanse og er personleg eigna for jobben.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, der du både jobbar tett med leiarar i klinikk og er med på å utvikle system og prosessar på føretaksnivå. Du får ta del i både lokale og nasjonale prosjekt – og du får kollegaer som er opptekne av fag, samarbeid og å ha det godt på jobb.
Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar, og løn etter avtale. Og ikkje minst – du blir ein del av eit sterkt fellesskap som jobbar for noko viktig kvar einaste dag.
Kontaktinformasjon
Sølvi Apeland Rogde, Økonomi- og finansdirektør, +47 41294054
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4986684099
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.08.2025