Flåmsbrygga Hotell As
Vil du vere med og utvikle reiselivet i Flåm?
Br. Wangen AS søkjer ein utadvendt og erfaren salsansvarleg for turoperatørar og FIT-marknaden. Du vil få ein sentral rolle i å vidareutvikle samarbeidet vårt med nasjonale og internasjonale aktørar innan turoperatørsegmentet, grupper, FIT og MICE. Stillinga er ein del av vårt sal- og marknadsteamet.
Dine hovudoppgåver vil vere:
-
Ansvar for oppfølging og utvikling av turoperatørar og samarbeidspartnarar innan FIT, grupper og MICE — inkludert forhandlingar, kontraktarbeid og kampanjeutvikling
-
Initiere og leie samarbeid med både eksisterande og nye partnarar for å styrke trafikken særleg i perioden oktober–april ("new season")
-
Arbeid med salstrategi og struktur for ulike kundesegment
-
Bidra aktivt i utvikling og oppfølging av strategiplanen for sal og marknad
-
Delta på workshops, messer og kundebesøk
-
Planlegge og gjennomføre visningsturar
-
Vere ein aktiv bidragsytar i marknadsteamet, inkludert idé- og produktutvikling
Vi søker deg som har:
-
Relevant utdanning innan reiseliv, marknadsføring og hotell
-
Erfaring frå sal og samarbeid med turoperatørar, eller tilsvarande B2B-relasjonar
-
God forståelse for reiselivets verdikjede og evne til å bygge langsiktige relasjonar
-
Gjerne erfaring frå workshops
-
Strukturert og sjølvstendig arbeidsform, med gode samarbeidsevner
-
Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg — norsk/skandinavisk og engelsk er eit krav
-
Erfaring med CRM-system og rapportering er ein fordel
Vi tilbyr:
-
Ein variert og spennande arbeidskvardag i ein framtidsretta reiselivbedrift
-
Moglegheit til å påverke og utvikle heilårsreiselivet i Flåm og Aiurland
-
Fagleg utvikling i eit inkluderande og engasjert team
-
Kontorstad i vakre Flåm og Aurland — med tett samarbeid på tvers av fleire selskap i konsernet.
Stillingstype: 100 %, fast stilling
Søknadar vert vurdert fortløpande.
Tiltredelse etter avtale.
Vil du søke på stillinga?
Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.