Ledig vikariat som helsesjukepleiar er ledig frå 01.10.2025 til 30.09.2026.
Helsestasjonen er lokalisert i nye lokale i nær tilknyting til mellom anna legesenteret og fysio/ergo/friskliv. Avdelinga er organisert under tenesteområde helse, tildeling og koordinering i sektor for helse, omsorg og velferd. I tenesteområdet elles ligg fysio/ergo/friskliv, legeteneste, kommunepsykolog, tildeling, koordinering og barnevern.
Helsestasjonen har 12,15 årsverk fordelt på 17 tilsette. Vi har eigen helsestasjonslege i 50 % stilling, jordmorressurs 130 %, kommunepsykolog 100 %, merkantil ressurs 100 % og resterande er helsesjukepleiarstillingar. Vi har også tilsett familieterapeut i prosjektstilling.
Fysioterapeut er knytt til helsestasjon 0-5 år i 20 % stilling. Vi har eit nært samarbeid med andre som gir tenester til barn og unge.
Helsestasjonen har ansvar for svangerskapsomsorg v/jordmor, helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste, HFU, smittevern, gjennomføre nasjonalt vaksinasjonsprogram, helsekontroll av flyktningar.
Ørsta kommune er oppteken av tverrfagleg samhandling kring born og unge, og kommunen jobbar for å verte ein BTI-/BTSkommune gjennom prosjekt som skal sikre forankring og implementering. Helsestasjonen har ei viktig rolle i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide i skulehelseteneste og/eller helsestasjonsarbeid med barn 0-5 år
- Utføre konsultasjonar individuelt og i gruppe, i tråd med nasjonale retningslinjer
- Samtalar, undervisning og veiledning – individuelt, i grupper, til skuleklasser eller føresette
- Smittevern og vaksinasjonar
- Aktiv deltagelse og utvikling av tenesta
- Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Utdanning som helsesjukepleiar. Andre med helsefagleg eller sosialfagleg bachelorutdanning kan også søke og bli vurdert dersom helsesjukepleiarar ikkje søker
- Erfaring frå arbeid med barn og unge
- Erfaring og kompetanse innan psykisk helse kan være ein fordel
- Du må ha førarkort klasse B, og disponere eigen bil i teneste.
- Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Interesse for arbeid med barn og unge, tenkje heilskapleg
- Ha evne til å ta initiativ og tenkje nytt
- Ha evne til å skape tillit, relasjonar og stå i krevjande saker
- Evne til å strukturere eigen arbeidskvardag
- Digital kompetanse
- Vere bidragande til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Godt fagmiljø og dyktige kollegaer
- Veiledning i gruppe
- Ein helsestasjon i utvikling
- Inkluderande og ivaretakande arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Spennande utfordringar og ein variert arbeidskvardag
- Arbeidstid på dagtid med fleksitidsordning
- Gode pensjons-og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk .
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Camilla Nupen, avdelingsleiar, 90075316, camilla.nupen@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 24
6153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4981574445
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2025
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 06.08.2025