Kirurgisk post Haugesund sjukehus
Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus på Kirurgisk post.
Sengeposten har 8 senger og består av fleire fagfelt: kar og thorax kirurgi, brystkreft og andre brystoperasjonar, thyroidea, føflekkreft, brannskadar og andre generelle kirurgiske operasjonar. Vi har òg gynekologiske pasientar i helg og høgtidar, samt ferie. Avdelinga har mange dagkirurgiske pasientar og vi har nær tilknytning til poliklinikkane. 20 % av stillingen vil være tilknyttet kar/thorax poliklinikk.
Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja stilling hos oss!
Kva går jobben ut på?
- Samarbeid med dei andre tilsette på sengeposten, samt samarbeid med legane
- Vi har stille rapport og delt gruppe slik at du vil ha ansvar for pasientane dine
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert sjukepleiar
- Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som Dips og Meona
- Det er ønskeleg med sårstell erfaring, men ikkje eit krav
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er ryddig og strukturert
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er sjølvstendig og har evne til å prioritere oppgåver
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- likar nye utfordringar
Kvifor skal du velje oss?
- Opplæring med sjukepleiar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein spennande arbeidsplass i utvikling
Kontaktinformasjon
Anne Ringe, Avdelingsleiar
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4986185562
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.07.2025