Ornes Båtbyggeri As
Ornes båtbyggeri søker trebåtbyggjar**/snekker/fagarbeidar!**
Hos oss vil du få høve til å jobba med mange spennande, varierte og lærerike prosjekt. Dei siste åra har me hatt ei rekkje mindre nybygg (klinkbygde båtar mellom 15'-18'), og mange større og små båtar inne til div. reparasjonar/istandsetjing.
Me søkjer personar med praktisk erfaring og kompetanse med trearbeid, som kan delta i produksjonen vår. Me leitar etter nokon som er engasjerte, kreativ, lærevillig, flink å jobba med andre og liker problemløysing. Me tilbyr opplæring i bedrifta, båtbyggjeriet er godkjend lærebedrift og det er mogleg å gå i lære/ta fagbrev som *trebåtbyggjar hos oss.
I stillinga inngår for eksempel følgjande oppgåver:
· Snekre innredning i båtar
· Arbeid med treskrog på kravell- og klinkbygde båtar.
· Arbeid med dekk
· Overflatebehandling
· Nybygg
· Restaurering av båtar
Me garanterer ein spennande og variert kvardag med stort potensiale for læring!
Send oss din søknad og CV på e-post: post@ornes-baatbyggeri.no