Kommunikasjonsrådgjevar

  • Heltid
  • OSLO, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 27. juli 2025

Kultur- og likestillingsdepartementet

Om stillinga

Kommunikasjonseininga i Kultur- og likestillingsdepartementet søkjer ny taleskrivar og kommunikasjonsrådgjevar. 

Kultur- og likestillingsdepartementet er eit departement som er relativt lite, men som har bredt spenn med mange ulike fagområde som får stor offentleg merksemd. Kommunikasjonseininga handterar presse, sosiale medium, skriv talar og innlegg og har ansvar for at saker og vedtak i departementet blir kjende for befolkninga. Eininga rådgjev fagavdelingane og den politiske leiinga i departementet. Hos oss vil du bli ein del av eit vitalt, hektisk og tverrfagleg fagmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar. 

Arbeidet i eininga er prega av tett samarbeid, raus takhøgde og godt humør. I avdelinga er det fem rådgjevarar som er leia av kommunikasjonssjefen. Stillinga inngår i turnus med vakt kvar femte helg og medievakt ein dag i veka. Noko reising må påreknast. Stillinga er ledig frå 1. september. 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å utarbeide talar og andre tekstar
  • Handtering av spørsmål frå media 
  • Fotografering og publisering på nettsider og sosiale medium
  • Planlegging og gjennomføring av pressekonferansar
  • Utarbeiding av medieplanar 
  • Rådgjeving til politisk leiing og fagavdelingar

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning
  • god forståing av samspelet mellom media, politikk og forvaltning
  • svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring med taleskriving
  • erfaring frå departement eller offentleg forvaltning
  • erfaring frå arbeid som kommunikasjonsrådgjevar eller journalist 

Vi ser etter deg som:

Vi ser etter deg som

  • trivst med å arbeide kreativt, raskt og nøyaktig
  • evnar å setje deg inn i komplekse saker og formidle dei godt i klarspråk
  • har svært gode samarbeidsevner 
  • er sjølvstendig og fleksibel 
  • trivst med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo

 Vi vil legge vekt på at du personleg høver til stillinga.

Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.

Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.

Vi tilbyr

  • innplassering som rådgjevar/seniorrådgjevar med ei brutto årslønn frå kr 575 000,- til kr 860 000,- 
  • Vi held til midt i Oslo sentrum og skal i 2026 flytte inn i det nye Regjeringskvartalet som er under oppføring
  • fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
  • høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
  • introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
  • eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø

Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.

Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Offentleg søkarliste og kontakt

Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med kommunikasjonssjef Simon Solholm Stjern på telefon 976 50 301. 

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted