Volda kommune, Heimeteneste
Ambulerande heimeteneste har i frå dags dato ledig fleire stillingar for autorisert helsefagarbeidar:
100 % fast stilling i Volda sentrum
72 % fast stilling på Folkestadtun
Begge stillingane er knytt til turnusarbeid
Arbeidsoppgåver
Ambulerande heimetenester yter tenester til heimebuande. I denne tenesta får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spennande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. I hovudsak er arbeidsoppgåvene stell, pleie, medisinutdeling og ulike medisinske prosedyrer. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring/kurs og rettleiing, slik at du som tilsett skal vere trygg og kompetent til å yte tenester etter fagprosedyrer som til ei kvar tid innfrir dagens krav. Arbeidsdagane er varierte, og du vil bli innlemma i eit godt arbeidsmiljø med fagleg fokus og god kollegastøtte.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Kunnskap om IKT – verktøy og elektronisk samhandling
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Gode fagkunnskapar, inkludert god observasjonskompetanse, blir vektlagt
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månadar, før oppstart i arbeid
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide med eldre
- Du trivast med å arbeide sjølvstendig
- Du er god til å gjere faglege observasjonar, vurderingar og iverksette tiltak
- Du tek initiativ og ansvar
- Du har høg arbeidsmoral.
- Du har godt humør, og samarbeider og medverkar til godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Sjølvstendig og variert arbeid
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Internundervisning og fagleg påfyll, tilgang på e-læringskurs frå Visma GLUP
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar, 90 06 94 73, ingeborg.haskjold@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 4985664684
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025