Sommarvikariat legar/ medisinstudentar 2025

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

Helse Bergen HF

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.

Sommaren 2025 treng vi dyktige og engasjerte legar/medisinstudentar med lisens til sommarvikariat ved avdelingar og einingar ved sjukehuset. Vikariata vil ha varigheit frå 4-10 veker. For å gjere det enklare for deg som søkar har vi felles rekruttering til avdelingane.

Du må oppgje øverst i søknaden kor du ønsker å jobbe, i prioritert rekkefølge (inntil 3 avdelingar). Skriv i søknaden i kva periode du kan jobbe. Kandidatar som kan jobbe samanhengande og i lengre periodar vil ha fortrinn.

Periode: veke 25 – 35

Det er ledig vikariat ved desse avdelingane:

Psykiatri: 

  • Psykiatrisk klinikk –  Avdeling for spesialisert psykosebehandling

Om stillinga: Vi har tre akutte seksjonar, ein tidleg psykose (TP) seksjon, og ein kompleks rehabilitering (KRS) seksjon. Du vil jobbe i tverrfaglege team saman med dyktige kollegaer frå ulike fagområde som psykiatri, psykologi, sjukepleie og sosialt arbeid. Vi tilbyr opplæring og rettleiing for å sikre at du får den beste starten i din karriere innan psykisk helse.

  • Øyane distriktspsykiatriske senter – 3 vikariat

Les meir om oss her

  • Kronstad distriktspsykiatriske senter, Allmenn døgnbehandling – 1 vikariat

Les meir om oss her


Laboratorieklinikken, Avdeling for medisinsk Biokjemi og farmakologi, Hormonlaboratoriet – 1 vikariat.

Om stillinga: Her er det mogleg for medisinarstudentar utan lisens som har fullført undervisning i endokrinologi og medisinsk biokjemi å søke.

 

Kandidatar blir intervjua fortløpande i prosessen.

Arbeidsoppgåver

Somatikk/psykiatri:

  • Pasientoppfølging

 

Laboratorieklinikken:

Dagvaktsordning (8-16, måndag til fredag) der oppgåvene består av å:

  • Gje råd og rettleiing til rekvirentar om rett bruk- og tolking av laboratoriemedisinske tenester
  • Svar på analyseresultat som krev spesiell medisinsk vurdering
  • Delta i vurderingar ved driftsstans, problem med analysar ved laboratoriet eller liknande
  • Tilsett kandidat vil arbeide med minst ein utgreiing rundt om vi skal etablere ein ny analyse ved laboratoriet. 

Kvalifikasjonar

  • Ha norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
  • Det er ein fordel med relevant klinisk erfaring
  • Bør ha interesse og/eller kjennskap til fagfeltet (legg ved evt. dokumentasjon)
  • Ha kunnskap om DIPS og andre fagsystem
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Somatikk/psykiatri:

  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Er god til å samarbeide i eit tverrfagleg miljø
  • Kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Er målretta, og får oppgåvene gjort

 

Laboratorieklinikken:

  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Trivst med å jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Arbeide strukturert og sjølvstendig kunne sette seg inn i nye problemstillinger
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Er initiativrik og har gode analytiske evner

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, +47 92292668

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4984998245
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 19.06.2025

Jobbsted