Kinn NAV, Kinn kommune
Blir du motivert av å jobbe med menneske og har tru på den enkelte sine ressursar?
Vi ser etter deg som ønskjer å være med å løyse Nav sitt samfunnsoppdrag. Er du ein person med pågangsmot og engasjement, som ønskjer å gjere ein forskjell? Trivast du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Då kan du vere den vi ser etter.
Kinn kommune har 17 419 innbyggarar. Nav Kinn har 34 tilsette og har kontor i Måløy og Florø. Kontoret er organisert i to avdelingar, Brukarsenter og Oppfølging, med kvar sin avdelingsleiar. Vi har no ledig eit vikariat, 100% som rådgjevarar i Florø i eit år. Stillinga er plassert i avdeling Brukarsenter. Vi er ein lærande organisasjon som er opptatt av tverrfagleg samarbeid og heilskapleg oppfølging. Vi har ansvar for oppgåver innan arbeids- og velferdstenester. Som rådgjevar har ein ansvar for oppfølging, råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester. Vi skal bidra til å betre levekåra for vanskelegstilte, sosial og økonomisk tryggleik, herunder at den einskilde får høve til å leve og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Avklaring, kartlegging og oppfølging er sentrale arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, forvaltning og oppfølging av søknader om økonomisk sosialstønad
- Råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester
- Oppfølging av brukarar med frivillig eller tvungen forvaltning
- Oppfølging med fokus på barneperspektivet
- Oppfølging av ungdommer med fokus på overgang til arbeid
- Økonomisk rådgjeving
- Oppfølging av deltakarar i kvalifiseringsprogram
- Bemanning publikumsmottak
- Medverke i kommunen sitt bustadsosiale arbeid og sikre mellombels bustad ved behov
Nav Kinn har to lokasjonar. Tilsette må rekne med å reise mellom lokasjonane ved behov.
Vi er ein organisasjon i endring og ein må rekne med endra arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning på bachelornivå som til dømes sosionom, sosiologi, samfunnsvitenskap og juss. Deler av utdanningskravet kan erstattast av lang og relevant erfaring
- Erfaring og trives med forvaltningsarbeid
- Ønskeleg med juridisk og økonomisk forståing
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og lovverk
- Erfaring fra tverrfagleg samarbeid med brukarar som har sammensatte utfordringar, samt heilskapleg sosialfagleg – og arbeidsretta oppfølging
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Personlege eigenskapar
- Det er ein fordel om du er systematisk, strukturert og jobbar sjølvstendig
- Er motivert for og trivast med arbeidsoppgåver med brukarkontakt via samtalar, digitale system og på telefon
- Tenkjar heilskapleg rundt brukar sin situasjon
- Evna å motivere og skape progresjon
- Ein relasjonsbyggar som likar å arbeide med mennesker og har evne til å skape gode relasjonar til brukarar og samarbeidspartar
- Møter brukarar med likeverd og respekt, samstundes sette grenser og avklare forventningar
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan viktig samfunnsområde
- Ein organisasjon som er i stadig endring og som gir moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Kjekke og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmijø
- Fleksibel arbeidstid
- Tilsetting i Kinn kommune etter gjeldande tariffavtalar
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP (2% pensjonstrekk)
Kontaktinformasjon
Ina Trengereid, Avdelingsleiar, 97524473, ina.trengereid@nav.no
Arbeidsstad
Hans Blomgate 39
6905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4951694529
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 10.08.2025