Psykolog? No er det din tur

  • Heltid
  • HAUGESUND, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 30. august 2025

Allmennpsykiatrisk post - Helse Fonna

Ønskjer du å bli ein del av eit fagleg fellesskap der både pasienten og kollegaen blir tatt på alvor?

Hos oss møter du eit tverrfagleg miljø der legar i spesialisering, sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar jobbar tett saman. Her får du brukt  spesialistkompetansen din i eit miljø som speler kvarandre gode – med rom for både fagleg utvikling og kvilepuls i kvardagen.

Vi ser etter deg som trivst i faglege samtalar, ser heilskapen i møtet med pasientar og jobbar målretta og dedikert.

Hos oss blir du ein del av Haugaland DPS, som tilbyr brei behandling innan psykisk helse og rus, både i døgnpost og poliklinikk. Her finn du òg ACT- og FACT-team, psykose-team og akutt ambulant team (AAT) – med gode høve for fagleg utveksling og samarbeid på tvers.

Vi legg til rette for fagleg vekst – med fokus på kompetanseheving, vidareutdanning og deltaking i aktivt forskingsmiljø. For rett kandidat kan vi òg sjå på moglegheiter for PhD-løp. Spesialistpermisjon er avtalefesta i alle helseføretak.

Hos oss er det lett å vere ny, lett å spørje – og lett å trivast. 👉 Er dette ein kvardag du kjenner deg igjen i? Då håpar vi du søker!

Kva går jobben ut på?

  • Psykologfaglege observasjonar, utgreiing og behandling
  • Bidra i behandlingsmøte og tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing og fagleg støtte internt
  • Samarbeid med pårørande og andre instansar
  • Aktiv deltaking i kvalitets- og utviklingsarbeid
  • Vere oppdatert på fagfeltet og bidra til kompetanseheving i avdelinga
  • Vedtaksansvar ved tvunge psykisk helsevern (vi legg til rette for opplæring om du ikkje har dette i dag)

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Må ha norsk autorisasjon som psykolog
    • Relevant erfaring og praksis blir vektlagd
    • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
    • Det er ein fordel om du har erfaring med vurderingar i tråd med Lov om psykisk helsevern og tvunge psykisk helsevern.

    Kva ser vi etter hos deg?

    Vi ser etter deg som:

    • er oppteken av god pasientbehandling
    • har trygg tilnærming og er god til å bygge tillit i møte med pasientar
    • har høg etisk bevisstheit og tek fagleg ansvar på alvor. 
    • liker å lære og set pris på godt samarbeid med kollegaer

    Personleg egnethet vert vektlagd.

    Kvifor skal du velje oss?

    Hos oss får du:

    • Fast 100 % stilling i eit utviklingsretta og triveleg fagmiljø
    • Gode kollegaer med ulik fagbakgrunn og lav terskel for å spørje kvarandre.
    • Tverrfagleg samarbeid med psykiater, LIS, sjukepleiarar, vernepleiarar og miljøpersonell.
    • 4 månaders utdanningspermisjon kvar 5. år for spesialistar.

    Kontaktinformasjon

    Carl Enoksen, Funksjonsleiar, 917 16 795, carl.enoksen@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Floravegen 75
    5535 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 4778984897
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 31.08.2025

    Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


    Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

    Jobbsted