SIMAS IKS
Om stillinga
Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og no søkjer me etter ein kundekonsulent som vil vere eit viktig ledd i administrasjonen i SIMAS. Som kundekonsulent vil du få vere med å påverke og ha ei rolle i utviklinga av SIMAS som eit framtidsretta renovasjonsselskap.
Arbeidsoppgåver
- Handsaming av søknader for renovasjon og slam
- Kontakt mot slamrenovatør
- Kundekontakt mot kommunar og innbyggjarar
- Anna førefallande arbeid
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Ha interesse for avfallsbransjen og gjenvinning/ombruk
- Relevant høgare utdanning. Erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse
- Erfaring innan offentleg forvaltning
- Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
- Gjennomføringsevne, høg grad av ansvarsfølelse og arbeidskapasitet, samt vere fleksibel, ryddig, strukturert og nøyaktig
- Kan ta eit ekstra tak når det trengs
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og det vil bli teke omsyn til korleis vår nye medarbeidar kan komplettere dei andre medarbeidarane i verksemda
- God til å kommunisere skriftleg og munnleg, snakke og skrive flytande norsk
- God IKT-kompetanse og vere klar for å lære deg nye system
Me kan tilby
- Ein allsidig jobb i ein bransje i utvikling og som er framtidsretta
- Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i indre Sogn
- Eit godt fagmiljø og hyggelege kollegaer
- Varierande dagar med aktivt og samfunnsnyttig miljøarbeid
- Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP
- Fast stilling med gode tenestepensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibilitet i arbeidstid og moglegheit for heimekontor
- Arbeidsstad i naturskjønne omgjevnadar i Festingdalen med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter