Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
I avdeling Åsateigen har vi ledig 100% fast stilling i langvaktturnus for deg som er sjukepleiar eller vernepleiar.
På grunn av auka behov for tenester er vi no på utkikk etter ein ny medarbeidar. Vi treng deg som ser heile menneske, som har fokus på å skape gode og meiningsfulle kvardagar med fokus på løysingar og ikkje problem. Som tilsett hjå oss skal du bidra til at bebuarane får eit godt og forsvarleg tilbod heile døgnet. Du vil få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn i det miljøterapeutiske arbeidet.
Stillingane er lagt til avdeling Åsateigen som gjev tenester til mennesker med nedsatt funksjonsevne. Personalet har personaldel i tilknytning til leilegheitene til bebuarane. Ein er 1:1 på dag og kveld, og turnusen er organisert i langvakter med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver
Brukaren i fokus;
- Kartlegginsarbeid for å sikre gode tenester
- Ansvar for legemiddelhandtering
- Sikre at gjeldande lovverk, og vedtak blir følgde
- Ansvar for koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
- Samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
- Målretta miljøterapi
- Planlegg, gjennomføre og evaluere miljøterapeutiske tiltak
- Journalføring
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar eller vernepleiar
- 3-årig høgskuleutdanning inna helse.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Ynskjerleg med erfaring innan målgruppa, men ikkje eit krav
- Gode ikt kunnskap for å bruke fagprogram og nytte digital opplæring
- førarkort klasse B
- personlege eigenskapar vektast høgt
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa, og som kan arbeide sjølvstendig, har pågangsmot og er fleksibel
- Du har godt humør, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar
- Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du er initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt.
- Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
- Du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerslar
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- At du får påverke og bidra aktivt i å skape ei fagleg utvikling innan det miljøterapeutiske arbeidet
- Engasjerte og kvalifiserte kollegaer
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
- Langvaktturnus, med arbeid kvar 4 helg.
Alle stillingar har 6 mnd prøvetid. Det må leverast politiattest ved tiltreding.
Kontaktinformasjon
Ann Iren Festervoll, Tenesteleiar Busetting og integrering
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4978098809
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2025