Er du omsorgsfull og likar tull og tøys? Livsglad jente på 7 år søker kvardagshelt som sin personlege assistent

  • Deltid
  • FØRDE, NORGE
  • Publisert: 5 dager siden
  • 13. juli 2025

JAG Assistanse AS

Hvem er jeg?

Eg er ei livsglad jente på 7(snart 8) år som elskar musikk og bading. Eg bur saman med mamma, pappa, storesøster og lillesøster i Førde, og likar å være med der det skjer. Å være ute er kjekt og eg trivast både på fjellet i terrengvogn, med sitski i bakken, på sykkel, leikeplass og biltur. Mat smakar best ute! Heime kosar eg meg med å spele instrument, danse og sjå film. Det kjekkaste eg veit er å leike med andre barn, men sidan eg ikkje kan gå heilt sjølv endå treng eg litt hjelp for å klare å halde følge. Kanskje er det nettopp du som er skikkeleg god på rullestolspringing?

Eg har Angelman syndrom og det gjer at det er nokre ting som er vanskeleg for meg. Eg kan til dømes ikkje snakke med ord, men brukar heile kroppen og lydar for å gjere meg forstått. Eg elskar å lære, men det krev mykje øving, og eg treng tolmodige, kreative og pedagogiske mennesker rundt meg til å hjelpe meg med å mestre nye ting.

Av og til kan det bli litt for mange inntrykk på ein gong og eg blir litt sliten og uroleg. Då kan ofte kviling og musikk hjelpe, og om du vil synge eller spele instrument for meg blir eg glad.

Hvem er du?

Eg søker deg som er tolmodig og trygg på deg sjølv, og samtidig initiativrik, tøysete og tullete. Då ler eg masse! Du må like aktivitet, og tile litt kaos. Du må hjelpe meg når eg blir frustrert, når eg treng å finne ro, når eg vil leike, og når eg må rydde rommet. Du må like å være med på det som skjer, og du må gå overeins med heile familien min. Av og til må du være med både i bursdagar og på ferie. Nødvendige hjelpemiddel er tilgjengelig, men det vil likevel bli enkelte løft og tyngre forflytningar, noko du må være førebudd på å klare. Eg treng assistanse på kveldstid, natt og helg. Familien min er fleksibel og det håper eg du og er. Då finn vi gode løysingar saman. Det blir moglegheit for lengre arbeidsøkter og lange friperioder mellom arbeidsøktene.

  • Hva skal du gjøre?

    • Være med heile familien på tur og delta i ulike aktivitetar, eller ha ansvar heime når det er behov for det
    • Personleg stell og medisinering
    • Planlegge, tilberede og hjelpe med mating ved måltid (både vanleg mat og via
    • knapp på magen)
    • Hjelpe til med forflytning
    • Trening og stimulering
    • Planlegge og tilrettelegge for aktiviteter

    Hva kreves av deg?

    • Må kommunisere tydeleg på norsk både muntleg og skriftleg
    • Sporty og være glad i aktivitet og leik
    • Ha kunnskap om, eller være villig til å lære seg ASK (alternativ supplerende kommunikasjon)
    • Personleg egnethet og kjemi blir vektlagt
    • Førerkort klasse B
    • Plettri vandel. Politiattest må fremvises før oppstart

    Personlige egenskaper:

    • Initiativrik og sjølvstendig
    • Omsorgsfull
    • Tolmodig
    • Kreativ og leiken
    • Ansvarsbevisst
    • Pålitleg
    • Vi er fleksibel og håper det går begge veier

    Om stillingen

    Fast deltid. Stillingsstørrelse avgjøres i samråd med deg og er del av en kabal som legges. Arbeidstid er dag, kveld, natt, helg. Mulighet for lengre arbeidsøkter med tilsvarende lange friperioder mellom arbeidsøktene.

    Vennligst spesifiser i søknaden kor mykje du ynskjer og har anledning til å jobbe.

    Om du synest dette høyrast interessant ut håper vi å høyre frå deg!

Som personlig assistent i JAG utgjør du en forskjell hver dag, og personlig egnethet er avgjørende.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted