To avdelingsleiarstillingar

  • Heltid
  • SANDANE, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 21. juni 2025

Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

Er du ein leiar med hjarte for menneske, blikk for utvikling og trivst med ansvar og tempo? Da har vi
stillinga for deg!
To av våre dyktige avdelingsleiarar søkjer nye utfordringar og vi har ledige stillingar. Eine avdelingsleiaren vil verte din
nye leiar, ho går over i stillinga som tenesteleiar.

Avdeling 1: Furubu, Solsikka og Åsavegen. 

Avdeling 2: Myklebusttunet, Nordåsen og Utsikten.

Det kan bli gjort endringar i inndeling av avdelingane.

Du vil gå inn i eit tverrfagleg leiarteam i tenesta og vere ein del av felles leiargruppe i Helse og velferd,
og leiarforumet til kommunedirektøren. Hos oss vil du få høve til å styrke din
kompetanse som leiar gjennom relevante kurs og utdanning.
Miljøarbeidertenesta sitt overordna mål er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg
eigne føresetnadar, ynskje og behov. Vi arbeider tverrfagleg for å gje gode
tenester til over 60 brukara med utviklingshemming og psykiske lidingar. 
Vi har ca 70 årsverk i tenesta, dette er vernepleiarar, sjukepleiarar,
miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar 
  • Fagansvar, med fokus på å sikre og vidareutvikle høg fagleg kvalitet i tenestetilbodet
  • Økonomikontroll
  • Arbeidstidsplanlegging
  • Samarbeid med eksterne og interne instansar
  • Være ein del av utvida leiargruppe i Helse og velferd

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag. Personleg egnaheit og brei erfaring frå leiing  kan erstatte krav om høgare utdanning
  • Det er ønskjeleg med leiarutdanning/leiarerfaring
  • Erfaring med brukargruppa er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode norskkunnskap, samt digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye digitale verktøy
  • God evne til skriftleg og munnleg framstilling
  • God økonomisk forståing
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt

    Personlege eigenskapar

    • Du har evne til å arbeide systematisk og strukturert for å oppnå mål
    • Du kan skape engasjement og motivasjon hjå tilsette
    • Du er ansvarsbevisst og god på å skape relasjonar
    • Du er løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner
    • Du er ein pådrivar for å skape gode tenester til brukarane
    • Du har engasjement for brukargruppa
    • Du kan etterleve verdiane tillit, mot , omsorg, samarbeid, arbeidsglede og likeverd

    Vi tilbyr

    • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
    • Kompetanseheving
    • Lønn etter avtale

    Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

    Kontaktinformasjon

    Ann Iren Festervoll, Konstituert tenesteleiar Miljøarbeidertenesta, 97096104, ann.iren.festervoll@gloppen.kommune.no

    Arbeidsstad

    Åsavegen 133
    6823 Sandane

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Gloppen kommune

    Referansenr.: 4974580898
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 22.06.2025

    Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


    Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

    Jobbsted