Avdeling for rusmedisin/ AFR Korttidsavdeling Engenhuset, Helse Bergen HF
Vi søker etter ein engasjert (sjukepleiar eller vernepleiar) med vidareutdanning til 100% fast stilling og 2 delt turnus.
AFR Korttidspost Engenhuset er ein del av Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen HF. Vi har nyleg flytta inn i flotte, nye lokale i Håkonsgaten 1 – midt i Bergen sentrum. På Engenhuset er vi eit stort fagmiljø beståande av korttidspostane, Heroinassistert behandling, Poliklinikk, KORUS, forsking, ambulant og URO. Vi gir tilbod om rusbehandling til 24 pasientar fordelt på 2 postar. Vi tilbyr kjønnsdelt behandling, derav ein post er for kvinner og ein post er for menn. På korttidspostane jobbar vi hovudsakleg med medisinsk avrusing men har stort fokus på å utøve god miljøterapi. Vi har også eigen treningsterapeut og musikkterapeut.
Hos oss jobbar vi tverrfagleg og det er tilsett sjukepleiarar, vernepleiarar, legar, overlegar, psykolog, musikkterapeut, sosionom, erfaringskonsulentar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Vi søker etter ein sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning i rus/psykiatri til korttidspost for kvinner. Det vil bli lagt vekt på erfaring frå psykisk helse, TSB og personleg egnethet. Turnus blir lagt opp med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av inneliggande pasientar
- Miljøterapi
- Medisinering
- Abstinensbehandling
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Tverrfagleg samarbeid i team
- Følge opp praktiske gjeremål på post
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar og vidareutdanning i rus og psykisk helsearbeid eller SEPREP
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med erfaring frå psykisk helsevern eller TSB/rusomsorg
Personlege eigenskapar
- Engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- God teamarbeidar som trivst i eit tverrfagleg miljø
- Arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel, initiativrik og løysingsorientert
- Punktleg, påliteleg og deler gjerne av eigen kompetanse
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Godt arbeidsmiljø
- Personleg og fagleg utvikling
- 2-dagars kurs i møte med aggresjon (MAP)
- Dyktige medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Åse Rosén Byrkjedal Lade, Leiar, 97740552
Arbeidsstad
Håkonsgaten 1
5015 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4972914795
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2025