Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
No har vi ledig eit langtidsvikariat som maskinsjef i B-ruta i sambandet Sølsnes-Åfarnes, p.t. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Eresfjord.
Kvifor velge Fjord1?
- Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av. Kun dagvakter. Mogleg å bu om bord.
- Variert og spennande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Kjekke kollegaer: Bli ein del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidere.
- Karrieremoglegheiter: I Fjord1 er det gode mogleheiter for fast tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- FSE e-læring
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Som maskinist på ferje er det viktig at du trivst med å arbeide tett saman med andre over tid, og at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø med ei positiv innstilling. Du kommuniserer tydeleg og respektfullt, både med kollegaer og passasjerar, og har ei serviceinnstilt haldning i møte med våre passasjerar. Samtidig er du fleksibel og tilpassingsdyktig, og handterer endringar og varierte arbeidsoppgåver på ein smidig måte.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar– Moglegheit til å leige hytter og leilegheiter, i tillegg til ulike rabattordningar for tilsette.
- Attraktiv skiftordning: 2 veker på og 2 veker av
Klar for å komme ombord?
Då er det berre å kaste loss og sende inn ein søknad – vi gleder oss til å få deg med på laget!
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no
Arbeidsstad
Riksveg 64
6456 Skåla
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4977670713
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.06.2025