
Seksjon for forsyning og interntransport SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Spanande stilling innan sjukehuslogistikk! Vi har ledig 100% fast stilling.
Seksjonen sine ansvarsområde er drift av lager, aktiv forsyning og interntransport, sengesentral og tekstil. Stillinga går inn under Aktiv Forsyning som bestiller og forsyner alt av forbruksmateriell på sjukehuset, samt bistå mot andre fagavdelingar i seksjonen.
Arbeidsstaden er Kristiansund, men arbeid på Hjelset kan påreknast. Arbeidstid er primært dagtid, men det kan og bli aktuelt med turnusarbeid.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Varemottak
- Bestilling
- Oppfølging av bestillingar
- Plassering av varer
- Kvittere ut AGV-vogner
- Forflytting av utstyr
- Hjelpe til ved andre fag i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- Gjerne erfaring frå helse-/sjukehusdrift
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Kjennskap til SAP er ein fordel, elles generelle datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Strukturert, effektiv og nøyaktig
- Løysingsorientert med gode samarbeidsevner
- Punktleg, stabil og påliteleg
- Ryddig og systematisk
- Sjølvstendig og initiativrik
- God fysisk helse
Personleg eignaheit blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mykje natur å by på, varierte turmulegheiter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innanfor klatring og friluftsliv og det er nyleg etablert eit innandørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim. Les meir om Kristiansund – klippfisk og Atlanterhavsbyen her.
Kontaktinformasjon
Vidar Andreassen, Seksjonsleiar, vidar.andreassen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Herman Døhlens vei
6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4948732860
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.06.2025