Habilitering barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vil du vere med på laget vårt?
Habilitering for barn og ungdom ved Ålesund sjukehus har ledig 100% fast stilling for psykologspesialist/psykolog frå 11.08.25.
Habilitering for barn og ungdom i Ålesund har eit tverrfagleg team som består av lege, psykolog/psykologspesialist, fysioterapeut, ergoterapeut, vernepleiar, pedagog, sjukepleiar og merkantilt personale.
Vi arbeider i tverrfaglege team med diagnostisering, oppfølging/behandling, rettleiing og pasientopplæring. HABU har utstrakt samarbeid med kommunale tenester, og store delar av tenesta er ambulant. Målgruppa vår er born med medfødd eller tidleg erverva funksjonshemming/langvarig sjukdom, som har behov for tverrfaglege habiliteringstenester på spesialistnivå.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering
- Samarbeid i tverrfagleg team knytt til både utgreiing og behandling/oppfølging
- Pasientopplæring
- Oppfølging av foreldre/føresette
- Samarbeid med fagfolk i 1. linjetenesta, 2. linjetenesta og øvrige samarbeidspartnarar
- Delta i fagutvikling og forsking
- Ambulant arbeid er ein viktig del av oppgåvene våre. Søkjar må ha førarkort (klasse B). Vi har tenestebilar til disposisjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykologspesialist/psykolog
- Erfaring og kjennskap til utgreiing og oppfølging av HABU sine målgrupper
- Kunnskap om barn/unge med psykisk utviklingshemming, tidleg erverva/medfødde skadar og samansette vanskar er spesielt ønskjeleg
- Erfaring og kompetanse innan utgreiing og behandling/oppfølging for desse målgruppene
- Evne til å rettleie fagpersonar i førstelinjetenesta
- Meistre norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har heilskapsforståing
- Du utviser fleksibilitet
- Du er strukturert og målretta, og har evne til sjølvstendig planlegging
- Du har gode samarbeidsevner i eit tverrfagleg miljø
Personlege eigenskapar som er viktige for stillinga, vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Rekrutteringstillegg for psykologsepsialister/psykologer
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Anne Helene Marøy Ulvestad, Seksjonsleiar, +47 70 10 64 46, Anne.Helene.Maroy.Ulvestad@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4948019528
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2025