Sommervikar/ Tilkallingsvikar

Stavanger ungdomssenter - avd. Lindøy, Bufetat

Ved Stavanger Ungdomssenter, avd. Lindøy, søkjar vi etter engasjerte tilkallingsvikarar og sommervikarar.

Vi har for tida behov for tilkallingsvikarar som kan tre inn på kort varsel, særleg på natt og i vekedager, samt sommervikarar som kan gå inn i dag-/kveld-/langvakt fra uke 26-uke 33.

Stavanger ungdomssenter femnar om avdelingane Lindøy og Våland. Begge avdelingane har 4 plassar kvar. Målgruppa vår er omsorgsplasseringar etter barnevernlova §§5-1, 3-2. Ungdomane er i alderen fra 13-18 år.

Vi har ei personalgruppe som er spredt i alder og kjønn, og samansett med omsyn til fagleg kompetanse og bakgrunn. For meir informasjon om avdelinga, gå til vår heimeside: https://www.bufdir.no/barnevern/ginn-institusjon/stavanger-ungdomssenter-lindøy/

 

Arbeidsoppgåver

  • Målstyrt miljøterapi med fokus på traumesensitiv tilnærming.
  • Ivaretaking av ungdomane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
  • Reinhald og matlaging.
  • Delta på ulike interne møter som overlapping mellom vaktlaga, personalmøter og ungdomsmøter.
  • Skriftleg dokumentasjonsarbeid og rapportskriving i Birk.
  • Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, helseinstansar m.fl.

Kvalifikasjoner

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan også vurderast.
  • Studentar ved barnevern, vernepleie eller sosionom som har fullført 2. året oppfordras til å søkje.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • God kjennskap i bruk av IT-verktøy.
  • Sertifikat kl. B

Det er ønskeleg med erfaring og kjennskap frå:

  • Miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon.
  • Kjennskap til barns rettigheiter i institusjon, jfr. barnevernslova. 
  • Traumebevisst omsorg.
  • Kartleggingsverktøy som Aseba og Motiverande intervju.
  • Tryggleik og sikkerheit.

Personlige egenskaper

Vi ser etter deg som:

  • Har gode evner til å bygge relasjonar.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar.
  • Er løysningsfokusert, fleksibel og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte.
  • Er trygg, tydeleg og tillitvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov.
  • Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
  • Har tru på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
  • Har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar.
  • Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
  • Har god fysisk og psykisk helse.
  • Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 – 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 – 624 500 pr. år (ltr. 53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 – 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.

Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Informasjon til deg som søkjer:

  • Inkludering og mangfold er ein styrke og gjør at vi kan løyse oppgåvene våre enda bedre. Difor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrer vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utenom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noe anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Lindøy
  • Politiattest må framleggast ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnes. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.

Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.

For å bli vurdert som søkar, må du legga ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. 

Kontaktinformasjon

Jeanine Svendsen, Avdelingsleder, 92222967, jeanine.svendsen@bufetat.no

Arbeidssted

Lindøy 1
4013 stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4973335430
Stillingsprosent: 0%
Anna
Startdato: 23.06.2025
Søknadsfrist: 10.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted