Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
På verksemdsområde sosial berekraft har vi ledig ei fast stilling som førstekonsulent/rådgivar. I denne stillinga får du vere med å forme korleis vi løyser nokre av våre felles oppgåver på ein meir smidig og effektiv måte. Faste arbeidsoppgåver som ligg til stillinga vil være saksbehandling av søknader om separasjon og skilsmisse, oskespreiing, enkle krav om innsyn (sladding), fritak frå teieplikt, fakturahandtering og førebels melding. Kva oppgåver som ligg til stillinga kan variere over tid og andre oppgåver kan bli lagt til. Stillinga ligg no i seksjonen sosial og familie. Stillinga krev at du som hovudregel er tilgjengeleg på kontoret.
Har du interesse for god offentleg forvaltning? Ønsker du å utvikle din kompetanse i eit aktivt tverrfagleg og engasjerande arbeidsmiljø? Da håper vi at du søker på denne stillinga hos oss.
Til å utføre desse oppgåvene søkjer vi etter deg som
- har ein bachelorgrad innan relevante fag. Dette kan vere innanfor jus, administrasjon, logistikk, eller liknande område
- kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
Om du har erfaring får offentleg saksbehandling er det ein fordel, men det er ikkje eit krav. Vi oppfordrar også nyutdanna til å søke på stillinga.
Vi treng at du
- kan arbeide effektivt og systematisk innafor gitte tidsfristar
- meistrar og likar godt å arbeide i til dømes Microsoft Office og ulike saksbehandlingssystem
- er fleksibel og trivast med varierte oppgåver
- har god samarbeidsevne
- er sjølvstendig i oppgåveløysinga, samtidig som du evner å samarbeide i eit tverrfagleg miljø
- er serviceinnstilt opp mot både interne og eksterne
Vi legg vekt på at du er personleg eigna og motivert for oppgåvene.
Hos oss får du
- varierte, interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsfellesskap
- ein stabil arbeidsgivar med føreseieleg arbeidstid på kvardagar
- naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem
- løn som 1408 førstekonsulent med lønsspenn kr 490.000,- – kr 575.000,- eller 1434 rådgivar med lønsspenn kr 530.000,- – 660.000,-. Stillings- og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar i tråd med vår lokale lønspolitikk.
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- fleksibel arbeidstid og noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Dei første 6 månadane er prøvetid. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Kvifor skal du velje Statsforvaltaren i Møre og Romsdal?
Vi kan freiste med ei stilling der du jobbar med samfunnsaktuelle saker i ei verksemd som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og i eit arbeidsmiljø der du kan planlegge din eigen arbeidsdag. Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø.
Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/ Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Ann Lilly Inderhaug Orvik på telefon (Norge +47) 95921410 eller områdedirektør Tone Monsen Aarø på telefon (Norge +47) 90701979
Søknadsfrist: 15. juni 2025