Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har no ledig ei fast stilling som fagbioingeniør. Stillinga er ei dagstilling med arbeid kvar fjerde helg, og omfattar i hovudsak arbeid med rusmiddelanalysar.
Som fagbioingeniør hos oss får du ein variert og utviklande arbeidskvardag, med ansvar for drift og kvalitetssikring av avanserte analysar. Du vil jobbe med metodar utvikla ved seksjonen og bruke instrument som LC-MS/MS, LC-QTOF-MS, LC-QTRAP-MS og GC-FID, i tillegg til moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale.
Seksjonen har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 7 kjemikarar og 4 fagbioingeniørar. Vi har eit tett og godt samarbeid mellom faggruppene og eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og fagleg engasjement.
Analyserepertoaret omfattar meir enn 50 ulike legemiddel og over 40 rusmiddel. Kvart år analyserer vi om lag 30 000 legemiddelprøver og 25 000 rusmiddelprøver frå både sjukehuset sine pasientar og primærhelsetenesta. I tillegg til omfattande rutinedrift driv vi og forsking og utviklingsarbeid.
Seksjonen er ein del av Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har om lag 370 tilsette fordelt på 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, i tillegg til tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi). Laboratoriet er akkreditert etter ISO-standard 15189.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den daglege drifta av rus- og alkoholanalysane
- Jamleg tillaging og testing av ulike løysingar til drift av analysemetodane
- Dagleg og vekentleg instrumentvedlikehald
- Oppfølging av analytisk kvalitetskontroll
- Skrive og redigeringsarbeid i EK
- Opplæring og sertifisering av tilsette på seksjonen
- Undervising/rettleiing av bioingeniørstudentar
- Delta i dei daglege rutinane ved seksjonen, inkludert blodprøvetaking
- Andre oppgåver kan bli tillagde stillinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års praksis etter endt utdanning
- Erfaring frå arbeid med LC-MS/MS metodar og farmakologiske analysar er ein fordel
- Gode datakunnskapar er ein fordel
- Må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og konsentrert
- Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
- Viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
- Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
- Gode gjennomføringsevner
- Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen
- Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Grundig opplæring og innføring i oppgåvene
- Arbeid på dagtid, med arbeid kvar fjerde helg og høgtidsdagar etter fast turnus.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Christina Ramsnes, Seksjonsleiar, 55973257, christina.ramsnes@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Jonas Lies vei 91b
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4970300874
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 11.08.2025
Søknadsfrist: 15.06.2025