Sjukepleiar og Vernepleiar. Psykiatrisk klinikk og Klinikk for sikkerheitspsykiatri 

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

Helse Bergen HF

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.

Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke. 

Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:  

* Avdeling Psykosomatisk medisin, seksjon for nevrostimulerande behandling søker sjukepleiar på dagtid i 100% stilling der 60% av stillinga er ved til seksjon for nevrostimulerande behandling (måndag, onsdag og fredag) og 40% av stillinga (tirsdag og torsdag) er sjukepleiefaglege oppgåver i sengeposten på seksjon for alderspsykiatri.
*  Psykiatrisk akuttmottakPAM2 søker sjukepleiar, 2 delt turnus og kvar 3. helg
*  Avdeling akutt psykoseSeksjon S3 og S4 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg.
*  Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S5 søker sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg. 
*  Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS) søker sjukepleiar, 2 delt turnus, i sommar kvar 3. helg. ellers kvar 4 helg

Ledige stillingar ved Klinikk for sikkerheitspsykiatri: Her er det krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
*  Regional sikkerheitspost (RS) søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, 2-delt turnus og pt 3. kvar helg. 
*  Lokal sikkerheitspost (LS) søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, 2-delt turnus og pt. 4. kvar helg med langvakter i helgane

Ledige stillingar ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge: Her er det krav om tilfredstillande politiattest (vandel) jmf. Lov om helsepersonell § 20A. 
PBU, Barnepost, søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling frå 08.09.25. Vi har og ledig 100% vikariat frå 01.09.25 til 21.06.26. Pt turnus med 2-3 kveldar pr. veke, og kvar 4 helg på akuttpost for barn og unge. Samt arbeid på Akuttpost når Barneposten er stengd (jul, påske og i sommarferieavviklinga). Etter endt vikariat vil ein få 100% fast stilling i Divisjon psykisk helsevern eller ved Bemanningssenteret i føretaket.

Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Arbeidsoppgåver

Avdeling Psykosomatisk medisin, seksjon for nevrostimulerende behandling tilbyr elektrokonvulsiv terapi (ECT) og transkraniell magnetstimulering (TMS), hovudsakleg til pasientar med depresjon. Seksjonens medarbeidarar er også involvert i kvalitets- og forskingsprosjekt, og det nyetablerte Nasjonale kvalitetsregister for ECT er forankra i seksjonen. Som sjukepleiar ved seksjonen skal du i hovudsak utføre sjukepleiefaglege oppgåver knytta til nevrostimulerande behandling, og andre praktiske og organisatoriske driftsoppgåver. 40% av stillinga er knytt til sjukepleiefaglege oppgåver i sengeposten på seksjon for alderspsykiatri. Begge einingane held til på Haukelandsområdet og har lokalisering i Glasblokkene. Kontakt: Ute Kessler, Tlf. 55974575

Psykiatrisk akuttmottak PAM2 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. På sengeposten (PAM) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest. Kontakt: Vemund Lægreid Grønstøl, Tlf. 90862391

Akutt psykose, Seksjon S3 og S4 er akutte, lukka poster med 9 og 12 sengeplassar og er skjerma einingar for menneske med psykoselidingar. Seksjonane er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er  ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter. 
Kontakt Seksjon S3: Sigurd Jakobsen, Tlf. 55958530
Kontakt Seksjon S4: Mari Strømmen, Tlf. 55958847

Spesialisert psykose, Seksjon S5 er ein lukka korttidspost med 12 senger lokalisert til Psykiatrisk Klinikk Sandviken. Organisatorisk høyrer vi til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP). Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar, og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Kontakt: Seksjon S5: Liv Mala, Tlf. 55958706

Kvalifikasjonar (overskrift)

Avdeling spiseforstyrringar (RAS) har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar. Kontakt: Tor Egil Pettersen, Tlf. 97107617

Regional sikkerheitspost (RS) sine sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionom arbeidar saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve her vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand. Hos oss jobbar det like mange kvinner som menn. Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384

Lokal Sikkerheitspost (LS) er ein lukka sengepost med 10 døgnplassar. Vi jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Kontakt: Charlotte Sunde, Tlf. 55958334 eller Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348


Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) held til i Glasblokkane ved Haukeland universitetssjukehus. Stillinga er ledig ved Barneposten og er knytta til barn/føresette som er innlagde i sjukehuset. Stillinga vil inngå i eit tverrfagleg team som gir tenester til pasientar som blir innlagd elektivt. Barneposten er ein 5 døgnsavdeling med plass til 6 barn i alderen 0 – 13 år. Det er ein korttidsavdeling med hovudvekt på utgreiing, observasjon og utprøving av behandlingstiltak i forhold til barnet og til dets familie, skule/barnehage. Vi søker ein erfaren og engasjert vernepleiar/sjukepleiar til ein spennande og triveleg arbeidsplass. Ønskeleg med erfaring frå familiearbeid, EFST. Kontakt: Paul Joachim Bloch Thorsen, Tlf. 55974446 eller Robert Lie, Tlf. 55974450

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar

  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar ila vår/sommar 25
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Må meiste norsk skriftleg og munnleg 

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson , oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4970780967
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025