Helsefagarbeidarar i førebygging og meistring

  • Heltid
  • HEGGENES, NORGE
  • Publisert: 2 måneder siden
  • 30. august 2025

Øystre Slidre kommune

Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Førebygging og meistring?

Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.
Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid/avlastning og omsorgsbustader. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.

Avdelinga er med i KS-prosjektet TØRN, der du vil få moglegheit til å vere med og forme din eigen arbeidskvardag. I dag er vi ei teneste med mange flinke og dedikerte tilsette. Vi vil gjerne ha med deg på laget som har gode tankar og idear for korleis ein skaper best moglege tenester.

 

Det er ledige faste stillingar og vikariat i avdeling førebygging og meistring. Stillingane varierar frå 60-100%. Skriv kor stor stilling du ønskjer i søknaden din. 
Det er også ledige helgestillingar.

Vi ser fram til å høyre frå deg! Søkjarar blir kontakta og innkalla til intervju fortløpande.

Arbeidsoppgåver

• Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
• Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring
• Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
• Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
• Tverrfaglig arbeid med rehabilitering og kvardagsmestring i tenesteområdet

Kvalifikasjonar

• Kunnskap om metodar, tilnærmingar og prinsipp innanfor rehabilitering
• Gode norskkunnskapar
• Sertifikat i klasse B til stillingar i heimetenesta
• Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4

Personlege eigenskapar

• Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
• Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar 
• Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring og velferdsteknologi
• Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

• 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg
• Nødvendig opplæring og rettleiing
• Kompetanseheving
• Opplæring i fagsystem
• Tilrettelegging for vidareutdanning dersom rette søkjer melder seg i ansettelsesprosessen. Utdannning kan kombinerast med jobb.
• Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
• Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Åse Bolstadbråten, Avdelingsleiar Heimetenesta, 90836809

Arbeidsstad

Bygdinvegen 2120
2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 4919294819
Stillingsprosent: 67, 100%
Vikar, Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted