Nav Bergen sentrum
Ønsker du å bidra til at personar med sjukdom og nedsett arbeidsevne kjem seg i arbeid? Har du tru på at dei fleste menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar, kan vere i ordinært arbeid? Ønsker du å bidra til eit viktig samfunnsområde? Då kan dette vere jobben for deg.
Vi har no ledig eit vikariat ved avdeling Jobbretur ved Nav Bergen sentrum. Nav Bergen sentrum er eit av fire bydelskontor i Bergen, vi held til i fine lokaler i Møllendalsveien. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Vi er til saman 300 tilsette, halvparten statleg og halvparten kommunalt tilsett. Vi er 19 tilsette på avdeling Jobbretur.
Vi ser etter deg som vil jobbe med oppfølging av brukarar over 30 år. Kontoret har høge mål for kvalitet og resultat i oppfølgingsarbeidet, og vi arbeider etter prinsippa om kontinuerlig forbetring for å gje brukarane våre moglegheiter. Nav sitt mål er at flest mogleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og at færre skal vere avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge og motivere personer for arbeid og aktivitet
- Oppfølging gjennom samtalar, digital kommunikasjon, dialogmøte og samarbeidsmøte
- Saksbehandling etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltninga
- Sjå personane sin kompetanse og korleis dei skal komme raskt i jobb
- Vere i tett dialog med arbeidsgivarar, helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre samarbeidspartnarar
Det kan bli endring i arbeidsoppgåver og/eller avdeling du tilhøyrer.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring frå direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
- god skriftleg og muntleg framstillingsevne
- digital kompetanse som gjer at du raskt kan sette deg inn i ulike og nye digitale system
Det er ein fordel om du har:
- rettleiingskompetanse
- erfaring frå og kunnskap om arbeidsmarknaden og verkemiddel for å nå mål om arbeid
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er god til å bygge relasjonar, motivere og inspirere
- har analytiske evner, er sjølvstendig og som arbeider systematisk
- kan handtere uvisse i et dynamisk arbeidsmiljø
- er fleksibel og løysingsorientert
- har god arbeidskapasitet, er omgjengeleg og samarbeidsorientert
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø prega av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid, og moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Statleg tilsetting i stillingskode1434, rådgivar med lønnspenn frå kr 580 000 til 630 000 per år. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Anne May Haugsvær, Avdelingsleder, 926 52 713, anne.may.haugsver@nav.no
Håvard Berentsen, Avdelingsleder, 920 26 923, havard.berentsen@nav.no
Erna Strømmen, Ass. avd.dir, 473 86 284, erna.marie.strommen@nav,no
Arbeidsstad
Møllendalsveien 8
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAV
Referansenr.: 4950822512
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 31.03.2026
Søknadsfrist: 04.06.2025