EXTRA DALE
Vi har fleire ledige stillingar stillingsgradar frå 20-50% og søkjer fleire engasjerte og blide medarbeidarar. Stillingane ligger i turnus med faste arbeidsvakter på dagtid, kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar. Alle aldersgrupper over 18 år oppfordres til å søke. Du må kunne snakke og skrive norsk.
Arbeidsoppgåver
- Kundebehandling
- Kasse
- Varemottak / vareplassering
- Førefallande reinhald og rydding
- Tipping og post / postnord
- Apotek/medisinutlevering
Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team, og kunne stille på kort varsel ved sjukdom. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.
Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef
Søknad og CV registrerast digitalt.
Søknadsfrist: 01.08.2025