Bioingeniør

  • Heltid
  • HJELSET, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 10. juni 2025

Medisinsk biokjemi Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF

Vi treng dyktige bioingeniørar som er klare for ein variert og tidvis hektisk arbeidskvardag ved sjukehuset på Hjelset i Helse Møre og Romsdal.

Kan du tenkje deg å kome til vakre Møre og Romsdal med flott natur, så er du velkomen til å søkje!

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som vart tatt i bruk i april i år. Her hos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er inne i ein svært spennande periode, med ny og moderne automasjonsløysing for biokjemi, hematologi og koagulasjon. Det meste av utstyret i laboratoriet er flunkande nytt!

Du vil arbeide i ein tredelt turnus. Vi er opptatt av å planlegge slik at alle skal få ein mest mulig tilrettelagt turnus etter eige ønskje og behov.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
  • Analysearbeid innan medisinsk biokjemi og blodbank
  • Delta i seksjonen sin turnus

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Relevant praksis vil bli vektlagt
  • Må kunne norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert, effektiv og nøyaktig 
  • Du er positiv og har gode evner til å samarbeide med andre
  • Du er fagleg engasjert og bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø

Personleg eignaheit og samarbeidsevne vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, 95246505, marit.sivertsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4969565296
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted