Kulturområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune saksbehandlar over 2000 søknadar årleg berre på kulturområdet. Vi tildeler om lag 250 millionar kroner kvart år og bidreg gjennom det til at Møre og Romsdal har eit rikt kulturliv i heile fylket.
Vi skal no rekruttere ein dedikert tilskotskoordinator som også skal ha ansvaret for kvalitet og internkontroll.
Dette er jobben for deg som er framtidsretta og søker kontinuerlege forbetringar. Du må ha evne til å identifisere behov og sjå dei store linjene samtidig som du må ha motivasjon og interesse for å jobbe med analysar, rådgiving, rutinar, struktur og system.
Stillinga er lagt til kulturavdelinga i stab for strategisk utvikling og analyse.
Kulturavdelinga har lokalar både i Kristiansund, Molde og Ålesund, og arbeidsstad for denne stillinga blir fastsett i dialog med deg.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene til stillinga er knytt til tilskot og kvalitetsarbeid. Størstedelen av arbeidsoppgåvene er knytt til tilskot.
Tilskot:
- ansvar for kontinuerleg forbetring og koordinering av tilskotsforvaltinga i kulturavdelinga
- opplæring og leiing av tilskotsteam
- utarbeiding og revidering av retningslinjer
- utarbeiding av rutinar og malar
- utlysing av tilskotsordningar
- rapport, statistikk og evaluering av tilskotsordningar
- oversikt over tilskotsportefølje internt i kulturavdelinga og kontaktpunkt mot resten av fylkeskommunen
- kvalitetssikring av saksbehandling og saksbehandling av søknadar
Du vil jobbe saman med ytterlegare ein tilskotskoordinator og eit team med erfarne saksbehandlarar
Kvalitet:
- utvikling og vedlikehald av kulturavdelinga sitt kvalitetsarbeid
- sikre at system oppdaterast og vidareutviklast i tråd med gjeldande lover, føreskrifter og retningslinjer
- gjere risikovurderingar, handtere avvik og utarbeide dokumentasjon
- styrke kulturavdelinga sin kvalitetskultur gjennom opplæring, rådgiving, støtte og implementering av arbeidet
- organisere innsamling av data, rapportere og levere statistikk og status
- leie og koordinere kvalitets- og forbetringsprosessar, eksterne og interne revisjonar
Du vil bli medlem i fylkeskommunens kvalitetsnettverk, der du vil få god støtte frå andre som jobbar med liknande oppgåver
Du må regne med at arbeidsoppgåvene blir endra etter kva som til einkvar tid er behovet i fylkeskommunen.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå innan relevant fagområde.
- Relevant erfaring, t.d. innan saksbehandling, tilskotsforvaltning, økonomi eller kvalitetsarbeid
- God og presis munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God digital forståing
Det er ønskeleg at du har:
- Utdanning eller erfaring innan eit eller fleire av kulturavdelinga sine fagområde
- Erfaring med bruk av kvalitetssystem
- Kunnskap om forvaltning av lover og regelverk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som likar å jobbe med detaljar, og som i tillegg har evne til å sjå dei lange linjene. Du liker å jobbe sammen med andre og evner å motivere dei rundt deg. Viktige personlege eigenskapar er:
- initiativrik
- sjølvstendig
- evne til å prioritere og fullføre oppgåver
- evne til å drive fram prosessar
- evne til å skape positive relasjonar
- løysing- og serviceorientert
- strukturert og ansvarsbevisst
- likar utfordringar, er fleksibel og taklar periodar med stor arbeidsmengde
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver
- eit spennande arbeidsmiljø over heile fylket med kollegaer med eit mangfald av utdanning og kompetanse
- god tilgang til fagleg nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Christine Reitan, Ass. Kulturdirektør, 90998268, christine.reitan@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 9
6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4960382886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2025